Seks spelarar frå Sunnmøre fotballkrets har blitt tekne ut til å vere med på regionsamling i Trondheim denne helga. Det er spelarar fødde i 2000 og 2001 som er aktuelle til samlinga.

To av dei seks sunnmøringane frå sjansen er frå Hareidlandet. Det gjeld Elias Flø (2000) frå IL Hødd og Håvard Mork Breivik (2001) frå Hareid IL.

Dei skal vere med på trening og kampar som blir gjennomført på Lerkendal Park og Salmarbana i Trondheim.

Desse spelarane frå Sunnmøre har fått sjansen:

Elias Flø, Hødd  (00)Anders Waagan, Aafk  (00)Iver Korsbrekke, Herd  (01)Håvard Mork Breivik, Hareid  (01)Malin Sunde, FK Fortuna  (00)Solveig Engås, Herd  (01)