Hareid imponerte i serieopninga med 5-1 siger på bortebane mot Valder, men kanskje endå meir imponerande er det at kampen var A-kamp nummer 450 for keeper Vagn Scheide Mork.

Ifølgje Hareid IL sine nettsider er det berre Lasse Flø som har fleire A-kampar for Hareid. Han hadde 471 kampar. Vagn Scheide Mork er den einaste noverande spelaren på Hareid IL som er inne på topp ti på adelskalenderen. Dersom Scheide Mork er involvert i kvar av dei resterande seriekampane for Hareid denne sesongen vil han tangere Lasse Flø.

Samstundes som Scheide Mork passerte 450 kampar var det tre spelarar som debuterte for Hareid i seriesamanheng. Jon André Thue, Håvard K. Bjåstad og Gustav Bjørlykke Kløvning spelte alle sin første seriekamp.