Hareid og Hødd sine G16-lag kjempa fredag kveld ein prestisjeduell på kunstgraset på Hareidsmyrane stadion. Begge laga kom seg gjennom kvalifiseringa til 1.-divisjon i vinter, og allereie i første serierunde fekk ein naboduellen mellom laga.

I løpet av dei første ti minutta skapte heimelaget fleire store sjansar på raske overgangar, men det lukkast ikkje for Hareid å finne vegen til nettmaskene. I staden var det Hødd som løfta sitt spel og scora først 0–1 ved Zakariye Ushey, før Sander Djupvik la på til 0–2 for bortelaget før pause.

Også i den andre omgangen var det bortelaget som først fekk ballen i mål. Gustav Brandal Dimmen sklei inn 0–3 på bakarste stolpe, før Iver Roald punkterte kampen med 0–4.

Men sjølv om Hareid låg langt etter på måltavla, og fekk ein spelar utvist mot slutten av kampen, så gav ikkje heimelaget opp. Nathaniel Brekke og Isak Kristoffersen scora kvar sitt mål og pynta såleis på stillinga mot slutten.

Kampen enda med 2–4 siger til Hødd, men Hareid kan ta med seg ein del positive takter, spesielt i starten og på slutten av kampen. Hareid stilte også med fleire spelarar som framleis er i smågutealder.