Klokka er 16:39, 27. september 2012. Ein 16 år gamal fotballspelar frå Hareid rekkjer hendene over hovudet samstundes med 6500 tilskodarar på Høddvoll.

Fredrik Aursnes var inne i sin første sesong i Hødd då han utlikna cupsemifinalen mot Brann. Måndag kjem bergenslaget nok ein gong til Ulsteinvik. No er det ikkje cuptriumfar som står på spel, men i staden tre poeng i OBOS-ligaen. Og Fredrik Aursnes vil skape fleire gode minne mot dei raudkledde.

– Det var ein av dei største kampane, ikkje berre i mi karriere til no, men alle som var med på den hugsar det svært godt, fortel Fredrik Aursnes.

God stemning

To og eit halvt år seinare er 19-åringen ein av nøkkelspelarane på Hødd, men på mange måtar var det nok Brann-kampen som verkeleg gav stortalentet merksemd også utanfor Hareidlandet.

– Det var første målet mitt for Hødd, det var veldig gøy og kjempegod stemning. Eg hugsar at eg såg opp att kampen, og det var nesten slik at det var kjekkare å sjå Brann-kampen enn cupfinalen, smiler Aurs.

God stemning blir det truleg også på måndag når Hødd og Brann møtest til seriekamp. Hødd hadde tidlegare denne veka passert 2100 selde billettar, og ventar ein god del fleire på tribunen enn under opningskampen på nye Høddvoll.

– Fleire har kjennskap til Brann, og synest nok det er litt ekstra stas at dei kjem. Kanskje kan vi få litt same stemninga som sist Brann var her. Eg trur alle vi spelarane gler seg, og alle ønskjer å spele denne kampen.

Har gode sjansar

Både Brann og Hødd står med fire poeng til no denne sesongen, begge etter kampar mot Fredrikstad og Strømmen.

– Vi må ta med oss førsteomgangen mot Fredrikstad. Då spelte vi bra og var solide, men vi må prøve å spele slik i nitti minutt.

Aursnes klarar ikkje heilt å forklare kva som har skjedd i andreomgangane mot Strømmen og FFK, der Hødd har blitt pressa bakover, men han slår fast at laget ønskjer å gjere det betre.

Midtbanespelaren meiner Hødd bør ha gode sjansar til å få med seg eit bra resultat mot Brann.

– Det er ikkje Rosenborg vi møter, så eg trur absolutt vi greier å skape sjansar og skal kunne skape trøbbel mot dei. Eg håpar vi kan halde oppe den gode stimen mot Brann.

Korleis går kampen?

- Eg trur vi vinn, eg må jo tru det. Brann har ein del gode spelarar, men det har vi også.

16 år gamle Fredrik Aursnes har akkurat utlikna mot Brann i semifinala i cupen i 2012. No kjem Brann på ny til Ulsteinvik, og då blir 19 år gamle Aursnes ein nøkkelspelar om Hødd skal ta tre poeng. Foto: Per Werkland.