Lyden av ball mot parkett, nettsus og latter fyller Hareidhallen. Ute på hallgolvet er 16–17 damer, nokre litt yngre, nokre litt meir erfarne, i full gang med oppvarminga.

Hareid har nyleg avslutta sin andre sesong med handball-lag for kvinner i 4.-divisjon. Det er berre tre år sidan handballsatsinga for seniorar vart starta opp att, men interessa har vore sterkt veksande sidan starten, og i februar enda det med at handballklubben oppretta eit toarlag.

På det meste har godt over 20 spelarar vore med på trening og for dei to trenarane Jeanette Teigene og Karine Gade, samt leiar i handballgruppa Arnhild Hestholm er det nesten overveldande å sjå kor mange som ønskjer å vere med.

- Ser kor kjekt vi har det

– Ideen kom vel eigentleg først i fjor haust. Vi vart heile tida kontakta av nye spelarar som ville byrje, og det vart rett og slett for mange til at vi kunne ta inn folk. Det synest vi var veldig dumt, sidan vi ønskjer å ha eit tilbod til alle, fortel Jeanette Teigene.

Handballgruppa undersøkte kor stor interessa var for eit andrelag.

– Eg fekk nesten hakeslepp når eg såg mengda spelarar som kom inn, seier Teigene.

– Og då er det ein del som ikkje er her også, skyt Arnhild Hestholm inn.

Vanlegvis er det i overkant av 20 damer som møter på treningane.

– Eg trur veldig mange ser kor kjekt vi har hatt det med damelaget. Sjølv om vi taper mange kampar så har vi det kjempegøy. Det fører nok til at vi klarar å lokke til oss mange spelarar, trur Teigene.

På same måten som laget som spelar i serie, er det både spelarar med lite og mykje erfaring som har blitt med på andrelagstreningane.

– Nokre har kanskje ikkje spelt i det heile tatt, medan andre har spelt mykje, men det er kanskje ei stund sidan, forte Karina Gade.

Utviklar førstelaget også

Med eit utvida tilbod til dei som ønskjer å spele handball i Hareid, får også serielaget mogelegheita til å rekruttere spelarar.

– No må alle som ønskjer å spele for førstelaget innom andrelaget. Då kan vi rekruttere litt grundigare enn vi har gjort, og då kan vi utvikle førstelaget endå meir også, fortel Gade, men det blir understreka at det er heilt frivillig å bli rekruttert til laget som er med i seriespel, sidan det ikkje vil passe for alle.

Dei tre fortel at utgangspunktet for andrelaget er å gje eit tilbod der ein kan samlast for å utøve idretten på ein arena der det ikkje må vere så veldig seriøst. Derfor er det på noverande tidspunkt også slik at det nye laget hovudsakleg er ein treningsarena for spelarane.

– Dei har spelt mot førstelaget, og det gir fin kamptrening for begge laga, fortel Gade og Teigene.

Det er June Skeide Bergseth, ei av profilane på Hareid sitt førstelag, som er med som trenar for andrelaget.

– Då har vi ein skikkeleg trenar og det blir litt seriøst også, sjølv om det hovudsakleg skal vere kjekt, seier Gade.

Treng treningstider

Ei utfordring for handballen er å få nok treningstider i hallen.

– Det har noko med talet på medlemmer og kor mykje tid ein blir tildelt. Fotballen har blitt ein heilårsidrett med futsal, der Hareid også satsar og har gjort det bra i KM. Vi prøvar å få tak i meir treningstider til handballen, og då er det viktig at vi får opp medlemstalet vårt. Skal vi sikre rekrutteringa også blant dei yngre, då treng dei meir treningstider, fortel Arnhild Hestholm.