Turneringa med heile 37 påmelde lag frå dei yngste alderstrinna gjekk av stabelen i nye Ulsteinhallen.

Det var ingenting å utsette på innsatsen, men resultata var ikkje det viktigaste. Alle fekk likevel pokal etter kampane.

– Dette er fyrste gongen vi arrangerer ei slik turnering her i hallen og vi synast det er kjekt at så mange lag ville delta. Vi kallar det ein «test-turnering». På sikt ønskjer vi å arrangere ein større cup med fleire aldersbestemte lag, fortel leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball.

Framleis er det slik at jentene dominerer sporten i desse alderstrinna, men både Rollon, Bergsøy og Volda stilte også med reine gutelag.

Vertsklubben Hødd hadde attpåtil to lag i 06-årgangen, medan Fiskarstrand stilte med eit mikslag. Fleire lag frå Aksla og Blindheim hadde også teke turen over Breisundet for å spele handball laurdag.