Både Nikolai Myklebust og Bård B. Brandal frå Ulstein Taekwondo (UTK) fekk bronsemedaljar i sine klasser då dei deltok i Norgescup på Jessheim, arrangert av Øvre Romerike Budo senter tidlegare denne månaden.

Dette var Nikolai sin første konkurranse, medan Bård også var på Norgescup i Verdal i februar. Medaljane ga meirsmak, noko som lovar godt for vidare utvikling.  Mago Kudusov var med som coach.

Nyleg var Norges kampsportforbund på besøk hjå klubben. Ulstein Taekwondo er partnerklubb i WTF Taekwondo. Dette betyr at UTK  får særskilt støtte og oppfølging av forbundet, slik at dei kan utdanne talent, utøvarar, trenarar og leiarar i eigen klubb. Alle partnerklubbar får tilgang til trenarforum og erfaringsutveksling der det siste av det nye innan trening blir presentert.

Møtet fann stad i den nye Ulsteinhallen der kampsportforbundet, representantar frå utøvarane og trenarane saman snakka om klubben sine mål og visjonar for framtida. Kampsportforbundet vart positivt overraska over det klubben allereie har fått til og likte svært godt både den nye hallen og klubben. Det vert spanande å fylgje klubben og utøvarane framover.