Hødd startar med desse 11: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen - Torbjørn Kallevåg, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal, Benjamin Mork Kleppe, Sondre Sandnes Beite.

Bærum: Flasza, El-Masouri, Pedersen, Isegran, Nedrebø, Warshaw, Juklerød, Tollås, Benmoussa, Alba, Aalbu.

3 min: 1-0 Kristoffer Tollås scorar på straffe. Ingebrigtsen med for dårleg tilbakespel og Falch gir vekk straffe i forsøket på å nå ballen.

26 min: 2-0 Flott spel av Bærum, ikke godt forsvarsspel av Hødd. Nedrebø set ballen i mål.

Bærum går til pause med 2-0 leiing. I banespelet har det vore temmeleg jamnt mellom laga, og Hødd har hatt eit overtak inn mot pause, men det er Bærum som har scora på sjansane sine. Heimelaget skapte ikkje mykje i den første omgangen, men ei straffescoring og ei flott opprulling på høgrekanten har ført laget opp i 2-0.

57 min: 3-0 Hødd pressar på i starten av den andre omgangen, men Bærum scorar så snart dei får sjansen. Benmoussa blir tredd gjennom og gjer ingen feil.

62 min: 4-0 Flott skot går i tverra, Aalbu er først på returen og Bærum avgjer kampen.

Hødd går på ein skikkeleg smell mot Bærum. Etter sju poeng på dei første tre kampane blei det bråstopp på Sandvika Stadion. Bærum var effektive, Hødd var for dårlege både offensivt og defensivt og har ein del å rette på til kampen mot Jerv komande torsdag.

Etter 3-0 heime mot Brann måndag og deretter ein kontrollert siger i cupen mot Herd bør Hødd gå til kampen mot Bærum med godt med sjølvtillit. Det vart også siger til Hødd då laga møttest tidlegare i oppkøyringa på Pinatar Arena.

I fjor vart det ein sein 0-1 siger i borteoppgjeret med Bærum etter scoring frå Franjo Tepuric, medan Hødd fekk stryk i heimekampen mot Bærum.

Til no denne sesongen har Hødd plukka med seg sju poeng etter to sigrar og uavgjort mot FFK. Bærum står med berre eitt poeng etter sine tre første kampar.

Hødd gjer ei endring på laget som starta då det blei siger mot Brann tidlegare i veka. Torbjørn Kallevåg får sin første ligastart, medan Magnus Myklebust ikkje er med i dagens tropp.