Jesper Törnqvist og resten av Hødd-forsvaret fekk ein del å arbeide med på bortebane mot Bærum, og til skilnad frå tidlegare kampar denne sesongen møtte Hødd sundag eit heimelag som var effektive framom mål.

Hødd hadde med seg to gode kampar i løpet av få dagar til Akershus, og det burde såleis ikkje vere noko i vegen med sjølvtilliten før kampen.

- Det blir veldig store kontrastar frå dei to kampane tidlegare i veka og til denne. I dag er vi ikkje gode nok, så enkelt er det, fortel Törnqvist.

Med baklengsmål allereie etter tre minutt fekk Hødd ein tung start på kampen.

- Vi er ikkje der vi skal vere frå start. Etter scoringa så prøvar vi å nullstille, men så får Bærum 2-0 i staden.

Törnqvist synest at Hødd klarte å løfte seg etter pause.

- Vi startar bra i den andre omgangen og har fleire sjansar til å score, eg har to store sjansar og bør eigentleg score på begge, seier Hødd-kapteinen. Han var svært nære ved å score, mellom anna på ei heading som blei klarert vekk frå streken i Bærum-målet.

I staden blei det nok ei scoring for Bærum.

- I dag er dei veldig effektive og dei scorar vel på det meste dei har av sjansar.

Les også: - Vi er langt unna

Både Törnqvist og Sindre Eid slit med å kome med ei forklaring på kva som går gale i Bærum-kampen, men Törnqvist trur ikkje Hødd var for dårleg budde før kamp.

- Nei, eg synest vi var klare før kampen og at vi hadde fått gjort det vi skulle, men i Obos-ligaen så må ein få ut maks og i dag er vi ikkje på vårt beste, slår han fast.

Lyspunktet for Törnqvist er at det berre er nokre få dagar til Hødd spelar neste seriekamp.

- No skal vi tilbake til Høddvoll og vise kva vi kan. Heldigvis er det ny kamp på torsdag. I dag var vi under pari, det er ein dårleg dag på jobb. Dette er ikkje slik vi ønskjer å stå fram, konkluderer Jesper Törnqvist.