- Det var ein tett og jamn kamp, med mange duellar og dødballar. Vi evnar diverre ikkje å få til vårt eige spel, vi er ikkje dyktige nok i dag. Det er vi sjølvsagt skuffa over, men vi tek i det minste eit poeng på ein dårleg dag, seier Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Var godt førebudde

Sjølv om Jerv er eit lag Hødd aldri tidlegare har møtt i seriesamanheng, var Hødd godt førebudde på kva laget frå Grimstad kunne varte opp med.

- Vi har sett fleire kampar Jerv har spelt. Vi visste at vi ville eit svært godt organisert fotballag, eit tvers gjennom godt lag. Dei kjem til å levere ein sterk sesong i 1. divisjon. Vi ønskjer sjølvsagt alltid å vinne heime på Høddvoll, men i dag er vi som sagt ikkje dyktige nok.

Eid og spelargruppa heng ikkje med hovudet, sjølv om det berre blei med eitt poeng mot Jerv. Dei rettar no fokuset mot den tøffe kampen mot Hønefoss førstkomande søndag.

- Vi skal kvile, ete godt og trene litt. Det er lite å få gjort mellom kampane når dei kjem så tett som dei gjer no. Det handlar om å få best mogleg mental og fysisk restitusjon. Dei som lukkast i slike perioder, med mange kampar på kort tid, er dei som taklar nettopp restitueringa best, seier Sindre Eid avslutningsvis.

Hødd hadde som sagt aldri tidlegare møtt Jerv i seriesamanheng, så det knytte seg stor spenning til kva slags lag Hødd fekk besøk av på Høddvoll torsdag. I opningsminutta og til halvspelt omgang spelte laga jamt, men det var Jerv som har hadde dei store sjansane. Først etter 12 minutt, der ein Jerv-spelar fekk avslutta frå kort hald. Berre ein god beinparade frå Hødd-keeper Aslak Falch hindra scoring til Jerv. Etter 20 minutt kunne Ohi Omoijuanfo gitt Jerv leiinga frå ein meget god skotposisjon, men skaut utanfor. Like før pausen fekk Torbjørn Kallevåg tak i ballen like utanfor sida av Jerv sin sekstenmeter, gjekk innover, og fekk avslutta. Det første diverre til ingenting, og laga kunne straks etter gå i garderobene.

Hødd pressa på i andre omgang

Omgangen var berre minuttet gammal då Hødd fekk sin første skremmar. Ohi Omoijuanfo fekk pannebrasken på ballen etter eit godt innlegg, men heldigvis for Hødd gjekk ballen like over målet til Aslak Falch. Etter 51 minutt fekk Jerv sin andre sjanse, då Steinar Berås fekk avslutte frå like utanfor seksten. Ballen gjekk derimot utanfor stolpen. Etter 68 minutt kjem Hødd sin første store sjanse. Jonas Ingebrigtsen fekk lagt inn frå høgre kant, og inne i feltet stod ein heilt umarkert Torbjørn Kallevåg. Bømlingen fekk ikkje skikkeleg treff på ballen, og fekk ikkje avslutta på mål. Hødd pressa meir og meir på utover i omgangen. Etter 84 minutt fekk Magnus Myklebust lagt fint inn i feltet, der Joakim Wrele venta. Wrele stanga diverre ballen rett på keeper Øyvind Knutsen. Kampen enda 0-0, og det blei poengdeling på Høddvoll.

Kampfakta

Hødd – Jerv 0-0 (0-0)

Dommar: Jan Morten Tennøy, Nore Neset IL

Tilskodarar: 1857

Gule kort: Joakim Wrele (Hødd) og Ohi Omoijuanfo (Jerv)

Dette laget stilte Hødd med:

Hødd (4-3-3): Aslak Falch - Christoffer Aasbakk, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Jonas Ingebrigtsen - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen - Eirik Ulland Andersen, Michael Karlsen (Magnussen, 65), Torbjørn Kallevåg (Myklebust, 76)

Innbytte: Sandal, Myklebust, Magnussen, Brandal, Kleppe, Beite.