Dei fleste hadde nok venta Hødd-siger, og Hødd sin trufaste tilhengarskare Blåsarane såg på denne kampen som ein som skulle vinnast, om dei blå og kvite skal vere med å kjempe i toppen i årets versjon 1. divisjon. Siger vart det derimot ikkje, men kaptein Jesper Törnqvist meiner det var viktig å sikre seg poeng.

– Sjølv om det er skuffande å ikkje vinne heime på Høddvoll, var det viktig at vi fekk med oss det eine poenget. For alt vi veit kan det vise seg å bli viktig til slutt. Vi er derimot ikkje der vi vil vere, og vi gjer ein kamp som ikkje er meir enn «ok», seier Törnqvist like etter kampen.

-  Jerv var godt førebudde

Dei 1857 frammøtte på Høddvoll fekk sjå eit heimelag som sleit med å skape sjansar, men som også tidvis vart pressa bakover av Jerv.

– Vi visste kva som venta oss – eit lag som hadde førebudd seg godt, og eit lag som spelte med mykje entusiasme, slik som nyopprykka lag ofte gjer. Vi møtte eit lag som jobbar hardt, og som har mykje duellstyrke, seier Törnqvist, som vidare meiner det var viktig å gjere ein god kamp defensivt etter stortapet mot Bærum.

- Sjølv om Jerv skapte nokon farlege situasjonar, gjer vi ein god kamp defensivt, og det var viktig å halde nullen, seier midtstopparen.

- Burde tatt tre poeng

Midtbanespelar Fredrik Aursnes hadde vanskelege arbeidsvilkår mot eit godt Jerv-lag.

– Jerv var flinke til å øydeleggje for oss. Dei er eit lag som krigar og går hardt i alle duellar, noko som gjorde det vanskeleg å skape noko. Det er klart at vi burde tatt tre poeng i denne kampen, men vi møter eit godt Jerv-lag, seier Aursnes.

Hønefoss på søndag

Kampane kjem tett som hagl for Hødd-spelarane, og allereie søndag er det klart for ny kamp, då borte mot Hønefoss.

– Kampane kjem tett, noko som gjer at vi får lite tid til trening, men vi skal reise til Hønefoss og prøve å ta 3 poeng, avsluttar Aursnes.