Han er berre 17 år gammal, men var best av dei 53 ryttarane som stilte til start i 72 kilometer lange Vårmila på Freiøya på Nordmøre, med tida 1,55.54. Totalt 116 ryttarar frå heile Møre og Romsdal hadde samla seg for å sykle ei, to eller tre runder, og 30 var med i barnerittet. Hovudpersonen sjølv var godt nøgd med løpet sitt.

- Vi gjekk ganske hardt ut i starten. Det var mange brotforsøk, men eg hang meg på. Det roa seg meir etter den første runden. Etter dette var det jamn sykling, men litt hardkøyr i bakkane. Det var eit samla felt stort sett gjennom heile rittet. I siste bakken var det berre å la det stå til, og at eg lukkast å bli først over målstreken er eg sjølvsagt veldig nøgd med.

- Tapetserte nesten pallen

På plassen bak Iver Vattøy sykla Erik Solem frå Eide IL i mål, men på tredjeplass kom ein annan kjenning for sykkelinteresserte her i regionen. Peter Hagelund Horn kom i mål på tida 1,55.59.

- Det vart bra utteljing for Ulstein og Omegn Sykkelklubb, og det er veldig kjekt. Vi tapetserte nesten pallen, seier Peter Hagelund Horn.

Har hatt stor framgong

Iver er 17 år gammal, men fyller 18 om nokre dagar. Han har klare mål for den vidare satsinga.

- Målet er å vere med i nasjonale ritt framover. Eg har lyst til å sjå kor godt eg kan gjere det i til dømes Norgescupen i juniorklassa. Det er for tida eit veldig høgt juniornivå. Det er såpass tøft, at eg ikkje foventar å vere heilt i toppen. Men eg vil henge meg på og sjå kor godt eg kan gjere det, seier Vattøy.

Han fortel framgongen har vore svært bra sidan i fjor.

- Eg har hatt stor framgong sidan i fjor, og det er positivt for meg sjølv og dei rundt meg å sjå at eg utviklar meg. Berre i løpet av vinteren har det skjedd ganske så mykje, seier han.

15-20 treningstimar

Ein god del treningstimar i løpet av veka blir det for Iver Vattøy. Han er elev ved Ulstein vidaregåande skule, der han naturleg nok går idrettslina.

- Det er eit jamt og godt arbeid, både på skulen, heime og med syklinga. Eg er takksam for å få gå på idrettslina, då eg får bruke skuletida til å trene. Det går vel med 15 timar i veka i snitt når det ikkje er sesong. Når sommarhalvåret kjem blir det raskt rundt 20 timar i veka, fortel han.

Den neste utfordringa for Iver Vattøy og Peter Hagelund Horn er Ålesundrittet, som går av stabelen komande helg.