- Vi har mange kampar no framover, og har allereie vore gjennom eit tøft kamprogram. For oss no er det eigentleg berre å gå på med friskt mot.

Det er orda til Hønefoss-trenar Rune Skarsfjord, som får Hødd på besøk søndag kveld. Hønefoss ligg nest nederst på tabellen i 1. divisjon før møtet med Hødd, med fire tap og ein siger på dei fem første kampane. Om motstandaren tenkjer ikkje Skarsfjord så spesielt mykje, anna enn at det er eit godt lag dei møter.

- Vi veit nok om Hødd, men vi har størst fokus på oss sjølve. Vi har tapt ein del jamne kampar i år, og ligg der vi ligg på tabellen. Det er ein realitet vi må forhalde oss til, men som raskt kan snu om vi byrjar å prestere igjen. Vi går på bana for å vinne, det er heilt sikkert, seier Skarsfjord til Vikebladet Vestposten.

Den sindige nordlendingen har eit godt forhold til Hødd og Ulsteinvik. Då faren Terje trente Hødd i sesongane 1981 og 1982, budde Rune og resten av familien Skarsfjord i Ulsteinvik. Han kjem likevel ikkje til å la sitt gode forhold til Hødd ha noko å seie for inngangen til kampen.

- No har eg levd eit langt fotballliv allereie. Eg har eit godt forhold til både Hødd og Ulsteinvik. Men, når kampen startar har mitt forhold til Hødd ingenting å seie, seier Skarsfjord.

- Kvesser klørne og klinkar til

Det at Hønefoss ligg på nest siste plass i 1. divisjon før kampen mot Hødd søndag, ser ikkje Hødd-trenar Sindre Eid på som nokon grunn til å ta det med spesielt mykje med ro.

- Det er eit lag som høgst truleg ikkje ligg der nede når sesongen er ferdig. Dei er mykje betre enn det tabellen tilseier. Vi har nytta dagane etter kampen mot Jerv på torsdag til å restituere oss, og vi har førebudd oss godt. No kvesser vi klørne og klinkar til.

Hønefoss-trenar Rune Skarsfjord har som sagt eit godt forhold til Ulsteinvik, og var Brann-trenar då Hødd på sensasjonelt vis slo ut dåtidas eliterserielag i cupsemifinalen på Høddvoll i 2012. Då var Sindre Eid assistenten til Lars Arne Nilsen.

- Eg har faktisk ikkje ofra akkurat det ein einaste tanke. No er han trenar for Hønefoss, og vi kjenner godt kva Hønefoss står for. Skarsfjord er ein veldig dyktig trenar. Eg håper han får snudd skuta, men at oppturen ikkje byrjar mot oss i morgå. Vi skal angripe kvar kamp med eit mål om å stå igjen som vinnarar til slutt, seier Eid.

Mot Hønefoss på bortebane er Vegard Heltne og Bendik Torset framleis ute, i tillegg til andrekeeper Jan Lennart Urke. Alle tre vil vere tilbake på bana i løpet av nokre veker, meiner Hødd-trenaren.

Hødd-trenar Sindre Eid trur det blir ein tøff kamp mot Hønefoss, eit lag han meiner ikkje skal vere i botnen av 1. divisjon. Foto: Arkiv.