- Det var ein jamn og spanande kamp. Eg føler dei hadde overtaket i første omgang, men så kjem vi meir med. Vi scora to fine mål, og slepp diverre inn eit litt billeg mål mot slutten. Men, alt i alt er eg veldig nøgd med sigeren, seier Hødd-trenar Ole Per Kragset.

Hødd har opna sesongen i 2. divisjon med to tap, mot Byåsen (3-0) på bortebane og Tynset (0-3) på heimebane. Difor ville damene revansjere seg med ein siger mot Nidelv.

- Det har vore to tunge tap. Vi trengde denne sigeren. Nidelv er eit lag vi bør kjempe jamt med, og helst vinne over, og det gjer vi, seier Kragset.

Spesielt Amalie Kragset stod fram som ein profil i kampen mot Nidelv, noko trenaren er heilt einig i.

- Ho var god for oss i dag, berre så synd ho ikkje scora på straffa vi fekk. Generelt vil eg seie alle jentene la ned ein solid innsats i dag, og vi sikrar oss tre veldig kjekke poeng, seier Kragset.

Jamn første omgang

Første halvdel av kampen på Høddvoll var jamnspelt. Angelica Vattøy var den som var nærast å sende heimelaget opp i leiinga, med to gode målsjansar før halvtimen var spelt. Hødd fekk meir og meir grep om kampen etter kvart, og Andrea Sævik kunne sende heimelaget i leiinga etter 40 minutt. Ho fekk med seg ballen på eit løp, og sendte ballen forbi keeper Christine SKogli og i mål. 1-0 stod seg også til pausen.

Over i andre omgang etablerte Hødd raskt eit press, og stod høgt i bana. Etter 68 minutt fekk Hødd tildømt eit straffespark, som Hødd-keeper Amalie Brandal Kragset skulle ta. Kragset skaut diverre rett på Nidelv-keeperen, så det blei med forsøket.

Etter dette heldt Hødd fram presset, og ei dobling av leiinga kom ved Angelica Vattøy nokre minutt etter straffebommen. Vattøy fekk eit fint framspel og banka ballen i mål til 2-0. Etter 76 minutt fekk Nidelv seg eit trøystemål ved Merethe Liland, men var i realiteten aldri nærme ei utlikning. Hødd vann fortent på heimebane, og sikra seg tre svært naudsynte poeng.

Kampfakta

Hødd - Nidelv 2-1 (1-0)

2. divisjon damer

Høddvoll

Tilskodarar: 40

Dommar: Vitalij Karpenko, Ellingsøy IL

Mål: 1-0 Andrea Sævik (40), 2-0 Angelica Vattøy (71), 2-1 Merethe Liland (76)

Hødd: Amalie Brandal Kragset - Anne Marie Skaar Hasund, Susann Kragset, Benedikte Nevstad, Therese Holstad - Ellen Nerland Aahjem, Silje Holstad, Mari Heggen - Angelica Vattøy (Rusten 85 min), Andrea Sævik (Aksnes inn 45 min), Ingvild Ringstad (Roppen 70 min).

*** Angelica Vattøy

** Amalie Brandal Kragset

* Andrea Sævik