Etter at Hødd hadde hatt mykje ball, det meste av presset og nokre brukbare sjansar, scora Hønefoss på sin første skikkelege sjanse. Då var det nok mange som tenkte tilbake til Bærum – Hødd.

– Vi byrjar bra første 15 til 20 minutta og styrer kampen, men så får dei eit dødballmål, der Aslak Falch kanskje skulle hatt eit frispark. Då handlar det om å ha trua på vårt spel, vere tolmodige og så vil det opne seg mogelegheiter, fortel Sindre Eid etter å ha sett laget kome tilbake frå 1-0, snu kampen og til slutt vinne 1–3 borte mot Hønefoss.

– Vi har sagt at vi skal tole å ligge under og eg trur vi har lært ein del av kampen vi spelte mot Bærum, seier Eid.

God Magnussen

I den første omgangen hadde Hødd mykje ball og nokre sjansar, men mot eit veldig kompakt Hønefoss-lag blei det vanskeleg å finne rom bak forsvaret.

– I pausen sa vi at vi ville true meir inn bak dei. Dei spelte i ein 3-5-2 formasjon og det var store rom på kantane.

Med litt meir direkte spel i den andre omgangen fann Hødd litt fleire opningar, mellom anna då Fredrik Aursnes stakk ballen til Joachim Magnussen på veg inn i Hønefoss sin 16-meter. I den første omgangen var han litt uheldig åleine med keeper, men då Joa fekk sjansen etter pause var det ingen tvil. Magnussen banka ballen opp i det næraste krysset.

– Joa var veldig god i dag og det er kjekt for meg å kunne rullere litt på stallen når vi har så mange kampar som no.

Stod godt mot

Deretter tok Hødd leiinga ved Ole Amund Sveen, men sjølv om Hønefoss prøvde å flytte opp laget, så klarte dei ikkje å skape veldig mykje.

– Dei flyttar opp spelarar og slår mykje langt, men eg synest vi står bra i mot, seier Eid.

Mot slutten fekk også Torbjørn Kallevåg og Michael Karlsen nokre minutt på banen.

– Vi såg at det kunne vere rom for dei mot slutten og det er veldig kjekt å få scoring frå Torbjørn, seier Eid.

På slutten var det nemleg dei to innbytarane som kombinerte, frå Karlsen til Kallevåg, og Hødd sikra sigeren med 1–3.

No handlar det meste om restitusjon for Hødd sin del, slik at laget skal vere klare for ein ny kamp onsdag.

– Det blir ein ny tøff kamp i cupen, men vi har brukt tida godt no etter kampen, har fått oss eit måltid, roa ned og skal ikkje reise heim før på eit seinare fly i morgon. Då får spelarane ligge litt frampå og vi kan ta oss ei treningsøkt her i Oslo, fortel Eid som håpar laget kan ta med seg dagens prestasjon inn til kampen mot Fana og til neste heimekamp som er sundag mot Nest-Sotra.