Tysdag og onsdag er det cupfotball og NM som gjeld for Hødd. Då blir nemleg 2. runde i cupen spelt og Hødd har med både damelaget og herrelaget. I tillegg spelar Hødd sitt gutelag mot Malvik.

Først ut er damelaget, som får storesyster Fortuna på besøk til nye Høddvoll. Aller helst skulle nok Ole Per Kragset og damelaget ønskt seg ein kamp mot Toppseriemotstand, men 1.-divisjonslaget Fortuna blir uansett ei bra utfordring for Hødd. Fortuna har hatt ei bra opning på sesongen, med to heimesigrar og eit tap borte. Dei slo også Hødd sin divisjonskollega Sunndal 9-0 i første runde i cupen.

Hødd starta sesongen med to tap i serien, først mot Tynset heim og deretter Byåsen 2 borte. I cupen gjekk det derimot betre, og Hødd slo ut Clausenengen med 2-0 på bortebane. I helga fekk også Hødd-damene med seg sin første seriesiger, då Nidelv vart slått på nye Høddvoll.

Kampen mellom Hødd og Fortuna var opphaveleg sett opp onsdag, men har seinare blitt flytta fram til tysdag. Dei to laga møttest også i cupen i 2014. Då vart det storsiger for Ålesundslaget, som kunne reise heim med sju mål i bagasjen.

Fana - Hødd

Onsdag er det Hødd-karane som skal ut på cuptokt. Etter å enkelt ha teke seg forbi Herd i 1. runde er det 2.-divisjonslaget Fana som står for tur.

Laget som spelar heimekampane sine på Nesttun Idrettsplass har endå ikkje tapt ein offisiell kamp denne sesongen. I 2.-divisjon har det blitt uavgjort mot Vindbjart og Vard Haugesund, samt ein siger på bortebane mot Sola. I 1. runde i cupen blei det siger 1-0 borte mot divisjonskollega Odda.

Etter at Hødd slo Fana-nabo Brann 3-0 på nye Høddvoll, kom to tyngre kampar i serien for dei blåkvite. Først blei det eit surt 4-0 tap borte mot Bærum, før Jerv fekk med seg eitt poeng heim frå Ulsteinvik etter 0-0. Sundag fann Hødd meir tilbake til den rette fasongen, og sjølv om Hønefoss tok leiinga, så var det Hødd som tok med seg alle tre poenga etter tre scoringar i andre omgang.