Hødd og Fortune møttest "som vanleg" i NM, denne gongen i andre runde etter at Hødd slo ut Clausenenget på bortebane i første.

Det var ingen tvil om at bortelaget, som til dagleg spelar i 1.-divisjon, var favorittar. Slik såg det også ut i innleiinga, der Fotuna trilla ball og Hødd sleit med å kome seg ut av eigen banehalvdel.

Klassekontring

Derfor var det kanskje litt overraskande då Angelica Vattøy tok med seg ballen 70 meter, frå godt inne på eigen banehalvdel og heilt opp til kortlinja, la eit svært godt innlegg og fann Silje Holstad som på vakkert vis sende Hødd i leiinga etter seks minutt.

- Det er ei klassekontring, slår Ole Per Kragset fast.

Fortuna hadde mykje ball gjennom heilekampen, og dominerte i stor grad banespelet, men laget frå Ålesund kom ikkje til mange sjansane mot eit Hødd-lag som låg lavt og kompakt i forsvar. Faktisk var det Hødd som hadde flest skikkelege målsjansar i den første omgangen, og Ellen Nerland Aahjem var farleg frampå ved fleire høve. Dessverre mangla det litt på at avslutningane enda i mål.

- Litt meir tur og om vi hadde vore litt meir presise så kunne vi fort hatt leiinga ved pause, seier Kragset.

Etter kampen tok trenaren seg ein prat med dommartrioen. Kragset var ikkje spesielt nøgd med fleire avgjersler, mellom anna at Fortuna fekk straffe 28 minutt ut i kampen etter det dommaren meinte var ein hands. Camilla Ervik sette straffesparket i mål til 1-1, som også var resultatet ved pause.

- Ho held handa inntil kroppen. Det blir heilt unaturleg om ho skal ha handa på ryggen, meiner Kragset om straffesparket.

Ny straffe

Då 67 minutt var spelt fekk Fortuna frispark som såg ut til å vere av det billige slaget. Det hindra ikkje Fortuna-spelaren i å sette ballen heilt oppunder tverrliggjaren. 1-2 til 1.-divisjonslaget.

Derifrå vart det tyngre for Hødd, og Fortuna auka leiinga til 1-3 fem minutt seinare. Amalie Brandal Kragset gjorde først ei svært kvalifisert redning, men ingen frå Hødd nådde fram på returen.

Til slutt fekk bortelaget nok ei straffe, og denne gongen var det ikkje tvil om avgjersla. Ny scoring frå Fortuna-kaptein Ervik fastsette sluttresultatet til 1-4. Samstundes var det ikkje heilt slutt på kontroversane på nye Høddvoll, for medan kampen nærma seg slutten blei det meir rom for Hødd sine angrepsspelarar. Etter eit fint framspel var Ingvild Ringstad på veg til å kome åleine med keeper då ho vart felt av ein av Fortuna-stopparane. Frispark til Hødd, men berre gult kort frå dommaren.

- Kapteinen deira er kanskje på linje, men ho har aldri sjans til å nå fram, seier Kragset.

Møtte godt lag

Med 1-4 er cupeventyret over for Hødd-damene i denne omgang, men laget kan ta med seg mykje positivt frå kampen mot fylkets beste damelag.

- Vi ligg lavt og prøvar å køyre kontringar, men det må vi nesten gjere mot eit så godt lag, fortel Ole Per Kragset.

Trenaren meiner Hødd tapte for eit betre lag, og han synest Hødd-damene kan ta med seg at dei gjer ein veldig solid kamp.

- Dei skal vere betre enn oss, men det blir ei veldig god gjennomkøyring for oss.