Det meste såg ut til å gå vegen for Hødd 2 på nye Høddvoll måndag kveld. Bendik Torset sende heimelaget i leiinga mot Stryn etter 15 minutt. Deretter var det klart for show frå Sondre Beite.

Etter 27 minutt gjer lobba han vakkert over Stryn sin keeper, som så vidt fekk ein finger på ballen, men utan å kunne hindre scoring. 14 minutt seinare var Beite nok ein gong på farta, og nok ein gong leita han fram ein utsøkt lobb for å sende Hødd opp i 3–0.

– Vi har bra kontroll i den første omgangen, men så slepp vi inn ein dødball der eg meiner vi skal ha frispark rett før pause. I den andre omgangen blir det meir rot, og vi får ikkje til det same spelet som i den første omgangen, fortel tomålsscoraren.

Tyngre på dødball

For Stryn kom tilbake, først med ei redusering etter 44 minutt, og så igjen etter 61 og 67 minutt. Etter det hadde begge laga sjansar til å avgjere kampen, og både Hødd 2 og Stryn hadde ballar i aluminiumen, men utan at nokon av laga fekk inn den avgjerande scoringa.

– Vi får feilaktig og litt uheldig 3–1 rett før pause, men vi bør likevel gå for, og vi går også for å score fleire mål og vinne kampen. Den andre omgangen blir litt meir stressande, meir fysisk og vi evnar ikkje å få til kombinasjonsspelet som gjer at vi eig ballen i store periodar. Dei får dødball etter dødball, og der er Stryn skrudde saman slik at dei har 11 mann som er tyngre enn våre 11, fortel Kenneth Moldskred.

Han legg til at laget ikkje spelar med stor sigerstryggleik, og at ein del av spelarane derfor ser ut til å verte noko engstelege når reduseringane byrja å kome.

– Då påverkar det litt dei vala som blir gjort, vi er ikkje like kalde i hovudet og klarer ikkje å brette ut spelet vårt. Då blir kampen meir komprimert og dei er tyngre i duellspelet, noko dei profitterer på.

Moldskred er klar på at det utviklar seg til å bli ein utfordrande kamp.

– Vi har ei litt ubehageleg utfordring no grunna at sigrane sit litt lenger inne. Då har ein to val; Ein kan synest at det er så ubehageleg at ein trekk seg vekk, eller ein kan gå rett i strupa på utfordringa og bruke den tida det tek for å meistre den. Då vil vi i sum få betre og meir rutinerte spelarar.

Moldskred var skuffa over at laget gav frå seg tremålsleiinga, men han understrekar at det ikkje er vits å vere skuffa så lenge.

– Det kjem stadig nye fotballkampar, vi scorar to mål sist og tre mål i dag, så framover blir det veldig bra, trur Moldskred.

Det var ikkje berre på resultattavla det var mykje som skjedde. Dommaren fekk også mykje å henge fingrane i utover i den andre omgangen, med ein del ampre og ufine situasjonar. Verst gjekk det utover Mathias Grimstad då Roosevelt Johnny tok strupetak på Hødd-spelaren. Stryn-spelaren fekk sjå det raude kortet, og måtte gå i dusjen nokre minutt før resten.

Kampfakta:

Hødd 2 - Stryn 3 - 3 (3-1)

Nye Høddvoll

Dommar: Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven

Gule kort: Stian Sandal, Erik Sandal, Karl-Erik Aarsheim, Vegard Sæten Hopland.

Raudt kort: Roosevelt Johnny

Mål Hødd 2: Bendik Torset (15), Sondre Beite (27, 41)

Hødd 2: Sivert Pieroth - Martin Breivik (Karl Bringsvor), Mathias H. Grimstad, Eirik Sundgot Kristiansen, Isak Haanes (Aleksander Rekdal), Erik Sandal, Bendik Dybdal Torset, Bendik Rise, Vegard Heltne, Sondre Beite, Benjamin Kleppe

*** Erik Sandal

** Sondre Beite

* Mathias Grimstad