Etter ein 2014-sesong der Robin Hjelmeseth var involvert i 12 kampar for Hødd og vart lokal toppscorar med 19 mål for Hødd 2, valte han i mars å vende nasen austover og signerte for 2.-divisjonsklubben Elverum. I helga scora han laget sitt mål då Kongsvinger vart for sterke og vann 4–1.

– Det var det første offisielle målet for Elverum i serien, fortel Hjelmeseth som måndag var tilbake på Høddvoll og såg Hødd 2 spele uavgjort mot Stryn. Hjelmeseth har vore heime for å ta årets siste eksamen ved Høgskulen i Ålesund.

Skuffande opning

Elverum har ikkje fått fullklaff så langt i serieopninga og står med tre poeng etter to tap og tre uavgjortkampar.

– Det har vore skuffande, veldig skuffande. Vi har tre uavgjortkampar der vi burde vunne alle. Mot HamKam var vi uheldige med at vi hadde 120 minutt i beina og ein del skader. Mot Kongsvinger starta vi veldig bra og så er det feil rett og slett. Det går ikkje på marginar, men rein dyktigheit og slike ting. Det var dårleg, men vi har eit bra lag og skal snu den dumme situasjonen vi har hamna i, understrekar angriparen.

Hjelmeseth frå Ulsteinvik, som snart blir 22 år, har lenge vore i Hødd-systemet, men han har også vore på utlån til både AaFK2 og Herd. Etter 2014-sesongen valte han å sjå etter andre mogelegheiter enn Hødd, og Hjelmeseth var mellom anna på trening med lag som Førde og HamKam før han enda opp i Elverum.

– Det var eigentleg første plassen eg kjende at eg høyrde heime, det kjendest bra med ein gong. Det er ein bra klubb med gode spelarar og ein flink trenar. Det verka også som at dei ville ha meg, og det var veldig viktig. Så då blei det Elverum, fortel Hjelmeseth.

Korleis har du blitt teken i mot i klubben?

– Veldig bra. Vi starta med ei veke i Tyrkia og det var veldig greitt for då fekk eg verte kjent med alle med ein gong. Eg har blitt godt motteke både av klubben og i byen.

Etter å ha vore ein tur tilbake på Sunnmøre for å gjere seg ferdig med eksamen, reiste Hjelmeseth tysdag tilbake til Elverum. Komande måndag ventar neste test for laget, borte mot Førde som endå ikkje har tapt i serien.

Standal imponerer

Ein annan tidlegare Hødd-spelar som i år spelar i 2.-divisjon på Austlandet er Espen Standal. Og medan Hjelmeseth og Elverum har trøbla litt i starten på sesongen, så har Standal og Ullensaker/Kisa sett kursen mot opprykk i si avdeling. Etter fem kampar står laget med fire sigrar og ein kamp som enda uavgjort, og Espen Standal har blitt ein svært viktig bidragsytar.

På fem seriekampar har ørstingen scora 8 mål, som så langt er mest av alle i dei fire 2.-divisjonsavdelingane. I tillegg scora han eitt av laget sine mål i første runde i NM.

Espen Standal med sjanse for Hødd mot sine noverande lagkameratar i Ull/Kisa. Foto: Per Werkland.