Erik Sandal har spelt om lag 80 minutt før Hødd sitt førstelag denne sesongen. Først kom han inn til overtidsminutta mot Brann, før han spelte nesten heile cupkampen borte mot Herd, då Hødd vann 4–0. Etter det har vi berre sett Sandal på benken for førstelaget, men han har vore involvert for Hødd 2, og både sist måndag, og no mot Stryn spelte midtbanespelaren 90 minutt.

Sandal har nyleg vore inne til både røntgen og CT-sjekk.

– Det er ankelen som eg har slite med, den eg opererte no sist. Eg fekk eit overtrakk mot Herd i cupen og etter det så har det ikkje blitt særleg betre. Eg har ganske slarkete leddband, så eg må jobbe på for å få opp stabiliteten i ankelen, fortel Sandal etter å ha styrt Hødd 2 si midtbane i 90 minutt mot Stryn.

Ikkje beinskade

Han understrekar at det ikkje er same problemet som førte til at han har måtte operere ankelen tidlegare.

– Det er ikkje bein eller noko slikt, så det er bra. Eg må trene opp ankelen og få lagt ned mykje trening. No har det vore lite trening i mai på grunn av dei mange kampane, fortel Sandal, som slik sett ser fram til at laget får litt meir tid til trening ei periode.

Vil spele

Vi må heilt tilbake til slutten av 2013-sesongen for å finne siste perioden der Sandal var skadefri og stort sett spelte fast for Hødd sitt førstelag. Etter ein tung sesong i fjor har han jobba jamt og trutt for å kome tilbake for Hødd, men med ankelproblema har bidraga for førstelaget blitt utsett.

– Ein fotballspelar vil spele fotballkampar og vere hundre prosent. Det er ikkje noko kjekt å vere 80, 90 eller 95 prosent. Ein må berre jobbe beinhardt og ta det positive med at ein spelte 90 minutt mot Stryn og 90 minutt sist. Eg får ta tida det tek, ta det i mitt tempo. Ein blir berre skuffa dersom ein får ein ny smell, og no er første prioritet å verte smertefri, fortel Sandal.

– Det er berre å jobbe på. Eg er i alle fall motivert og gira for å gjere det. Det er tungt når det står på, men det er berre å bite tenna saman og stå på, slår Sandal fast.