Flatin meiner Hødd sin start i 1. divisjon, med 18 poeng og andreplass etter 9 spelte kampar, kvalifiserer til å vere blant dei beste utgangspunkta klubben har hatt etter snart ein tredel ferdigspelt sesong.

- Det er utan tvil ein av dei beste sesongstartane i nyare tid. No var nok starten på opprykkssesongane i 1965 og 1968 betre, og definitivt opprykkssesongen i 1994, men dette er svært bra. Unngår dei tap, og tek med seg poeng frå denne tøffe bortekampen, er dette blant dei aller, aller beste sesongstartane, seier Hødd-historikar Arne Flatin og legg til:

- Hødd har hatt eit greitt tak på Bryne. Oppgjeret på Jæren i fjor enda med 2-2. Eg trur Hødd kan ta poeng, og kanskje tre poeng i denne kampen.

Håpar Falch får ein fin bursdag

Hødd-keeper Aslak Falch har briljert mellom stengene i mange av Hødd sine første 9 kampar denne sesongen, og kanskje kan han få ei ekstra kjekk bursdagsgåve måndag?

- Det hadde nok vore ei fin gåve, seier Arne Flatin om 23-åringen frå Rogaland.

Følg kampen LIVE her på Vikebladet Vestposten.