På tida 1.42,45 rulla Mikael Hoem Brunsvik over målstreken. Like etter han kom Karl Erik Kravik og Joakim Olsvik.

Iver Vattøy og Peter Hagelund Horn sykla i mål på høvesvis 1,47.13 og 1,47.15, noko som gav dei ei god plassering på fjerde- og femteplass. Imponerande, med tanke på at trioen i tet først sykla i eit femmannslag, alle frå Ålesund-klubben.

- Dei drog i frå oss på toppen av Leikongbakken. Dei hadde heilt klart ein fordel av å vere eit stort lag i dag, seier Peter Hagelund Horn.

Han og Iver Vattøy var passe nøgd med løpet rundt Gurskøya.

- Vi var diverre i ei gruppe bak dei tre i front, då dei rykte i frå oss. Vi blei køyrt inn då det stod igjen to mil, noko som var litt kjipt, seier Vattøy og legg til:

- Det er ikkje mykje vi kan gjere når vi kjempar mot eit lag på fem, men det blei som det blei.

Nøgd rittleiar

Rittleiar Kjellbjørn Hatlebakk var godt nøgd med prestasjonane til dei lokale utøvarane, og arrangementet i si heilheit. 102 ryttarar totalt var med i Nordea Ulsteinrittet i år.

- Langtidsvarselet gjorde nok at vi mista nokre ryttarar. Det var eit vellukka arrangement uansett, og vi fekk sjå mykje god sykling i dag, seier Hatlebakk.

Han var ikkje i det heile overraska over at det var Ålesund-ryttarane som kapra alle dei tre plassane på pallen.

- Dei er gode, kort og godt.

Eileen Berstad stilte som einaste jente i junior-rittet, og kom i mål på tida 47,56.

Meir om Ulstein Nordea-rittet og resultatlister kan du lese i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.