Eirik Ulland Andersen, Hødd sin formspelar nummer ein for tida, scora sitt andre mål for dagen på meisterleg vis. Han skaffa sjølv frisparket, like ved kanten av sekstenmeteren. Frå 17-18 meter plasserte han ballen på grasiøst vis, klin i krysset, framføre dei 1344 tilskodarane på Bryne stadion. Ballen skrudde seg slik David Beckham blei kjend for å gjere det.

- Det var veldig gøy å sjå den gå inn, og kjekt å score på frispark igjen, seier Ulland Andersen til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Familien kom frå Haugesund

Ekstra spesielt for den sindige haugesundaren var det at heile familien var på plass på tribuna.

- Dei tok turen frå Haugesund for å sjå meg spele. Difor var dette ein ekstra fin siger for meg, seier han.

Eirik meiner det var ein vanskeleg kamp mot Bryne, på eit vanskeleg underlag.

- Det var ein typisk 1. divisjonskamp, med mange duellar og kriging. Men, vi er flinke med ballen i dag, og utnyttar sjansane vi kjem fram til. Vi har blitt eit godt kollektiv, og er flinke til å handtere slike kampar, seier Eirik Ulland Andersen, som også trur lagkamerat Aslak Falch er ekstra glad etter sigeren.

- For bursdagsbarnet må vel dette vere den beste gåva tenkjer eg, seier Ulland Andersen og flirer.

Hødd-keeper Falch fylte 23 år andre pinsedag.

Uavgjort til pause

Det var derimot ikkje slik at Hødd var på veg mot ein storsiger frå første spark på ballen. Kampen byrja nemleg trått for Hødd. Det var Bryne som scora fyrste målet. Joakim Wrele var anten uheldig eller udyktig då han takla ein Bryne-spelar innanfor eigen sekstenmeter. Vegar Landro stilte seg opp for å ta straffa, og sette ballen sikkert i mål. 1-0 etter berre fire minutt.

Hødd nekta derimot å gi seg, og sjølv om Bryne tidvis hadde ballen mykje, kom Hødd på fine overgangar. Hødd fekk betalt for godt angrepsspel etter 19 minutt, då Eirik Ulland Andersen fekk ballen i god posisjon. Han avanserte mot mål og skaut ballen kontrollert og hardt i mål, til sida for keeper, rett ved stolperota. Uavgjort var det heilt fram til pausen.

Fantastisk frispark

Over i andre omgang byrja begge lag hardt frå startblokkene. Det var Hødd som skulle eige denne omgangen. Etter 65 minutt kom Eirik Ulland Andersen i fin driv mot Bryne-målet, og blei felt like utanfor sekstenmeteren. Dommaren var ikkje i tvil, frispark til Hødd, i perfekt skotposisjon for Ulland Andersen. Same mann prata også på seg eit gult kort i denne situasjonen, men det hadde ikkje så mykje å seie etter det han gjorde eit knapt minutt etterpå. Med Beckham-skru segla ballen i mål, i krysset, frå 17-18 meter. Ei fantastisk skoring av Ulland Andersen, og 1-2 i favør Hødd.

Etter dette dala tempoet i kampen ein del. Ikkje før det stod att ti-tolv minutt byrja tempoet å komme seg igjen. Hødd var ikkje ferdige med målskoringa for dagen. 88 minutt var spelt då Torbjørn Kallevåg teikna seg på lista. Kallevåg overraska ein Bryne-forsvarar, tok frå han ballen, runda keeper, og sette ballen elegant i mål til 1-3. For å gjere resultatet endå litt betre, sette Fredrik Aursnes krona på verket med 1-4 to minutt på overtid, etter at Ole Amund Sveen hadde prøvd å få ballen i mål to gongar. Ein knusande siger over Bryne på Jæren.

- Solid bortekamp

- Dette var ein solid bortekamp av oss, på ei svært vanskeleg bane. Både fordi det var på gras og fordi Bryne er eit godt heimelag. Vi jobbar steinhardt som lag, og når vi får rom er vi vanskeleg å stoppe. Det ser ein spesielt på dei to siste måla, seier Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Om kampen til Hødd sin store spelar Eirik Ulland Andersen hadde Eid dette å seie:

- Ja, kva skal ein eigentleg seie? Ulland Andersen er i kjempeform for tida, noko måla han scorar vitnar om. Det er først og fremst kjekt for guten. Han har hatt ein utruleg tøff haust og vinter. All ære til han for den enorme innsatsen han har lagt ned for å komme i godt gjenge igjen.

Eid meiner Hødd vann oppgjeret på Jæren fullt fortent.

- Vi vinn heilt klart fortent, men, det er eit tett og jamt oppgjer. Difor lyg nok resultattavla litt. Eg gir i dag all honnør til gutta. Dei er utruleg lojale til kamplanen, og står på gjennom heile kampen. Det er i ferd med å vekse fram ein svært god vinnarkultur i klubben no, seier Eid, som ser fram til to lokaloppgjer dei neste vekene.

Først seriekampen mot Kristiansund på Høddvoll førstkomande søndag, så mot AaFK i cupen, 3. juni.

Kampfakta

Bryne - Hødd 1-4 (1-1)

Bryne stadion

Tilskodarar: 1344

Dommar: Omar Rafiq, Teisen IF

Gule kort: Ole Amund Sveen, Joachim Magnussen, Eirik Ulland Andersen (Hødd) Bjørnar Holmvik, Adnan Causevic, Sabri Khattab (Bryne)

Mål: 1-0 Vegard Landro (str. 4), 1-1 Eirik Ulland Andersen (17), 1-2 Andersen (65), 1-3 Torbjørn Kallevåg (88), 1-4 Fredrik Aursnes (90+3)

HØDD (4-3-3): Aslak Falch - Christoffer Aasbakk, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Jonas Ingebrigtsen - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen - Magnus Myklebust (Kallevåg, 39), Joachim Magnussen (Karlsen, 68), Eirik Ulland Andersen (Torset, 84).Innbyttarar: Urke, Karlsen, Brandal, Kallevåg, Torset.