Måndag scora Robin Hjelmeseth sitt andre mål på to kampar for Elverum då laget tok årets første siger og slo Førde 4-2 på bortebane.

Hjelmeseth som var Hødd-spelar fram til sesongslutt 2014 gjekk til Elverum før denne sesongen, og fekk si første scoring i serien for klubben i førre serierunde, men då kunne han ikkje hindre tap for Kongsvinger.

Denne gongen var Robin Hjelmeseth på plass med Elverum si fjerde scoring, etter at laget hadde leiinga 1-0 til pause. Elverum står no med seks poeng etter seks kampar, eit godt stykke bak Kongsvinger som har seks sigrar av seks mogelege, men avstanden opp til laga bak Kongsvinger er ikkje like avskrekkande.

Les også: - Det kjendest bra ut med ein gong