19. Det er poengsnittet etter ti runder for laga som har kome på andreplass i 1.divisjon dei siste tre åra.

  • Sarpsborg 08 tok 20 poeng på ti kampar (enda på 63) i 2012.

  • Stabæk tok 16 poeng på ti kampar (enda på 52) i 2013.

  • Tromsø tok 21 poeng på ti kampar (enda på 59) i 2014.

Ser ein på laga som vann 1.-divisjon dei tre siste åra hadde Start 21 poeng i 2012, Bodø/Glimt hadde 19 poeng i 2013, medan Sandefjord tok 25 poeng på sine ti første i fjor. Det vil seie at snittet etter ti kampar for laga som har teke førsteplassen er 21,66.

Opprykkssnitt

I år har Hødd plukka med seg 21 poeng på sine ti første kampar, seks sigrar, tre uavgjorte kampar og eitt tap. Det er same poengsummen som Hødd hadde etter ti kampar i 2013, då etter sju sigrar og tre tap. Då enda Hødd til slutt på ein tredjeplass i 1.-divisjon med 50 poeng.

Dersom Hødd skulle plukke like mykje poeng resten av sesongen vil laget hamne på 63 poeng etter 30 kampar. I 2012 ville det gitt 2./3.-plass avhengig av målskilnad. I 2013 ville det gitt ein klar 2.-plass og opprykk og det ville også gitt ein 2.-plass i 2014, fire poeng framom Tromsø.

Med ein slik sum ville ein ha vunne 1.-divisjon både i 2009, 2010 og 2011, og ein må tilbake til 2007 for å finne siste gongen 63 poeng ikkje var nok til direkte opprykk.

Scorar mykje

Etter ti kampar i årets Obos-liga er Hødd laget som har scora flest mål med 19, medan Sogndal, Follo og Sandnes Ulf har 17 kvar. Jerv og Sogndal har sluppe inn færrast mål med åtte, medan Hødd og Brann har ni baklengsmål (Brann har ein kamp mindre spelt). Hødd har ni målscorarar etter 10 seriekampar, men berre Eirik Ulland Andersen har meir enn to mål med sine sju. Torbjørn Kallevåg, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen og Jesper Törnqvist har alle scora to kvar.

Dersom Eirik Ulland Andersen kan halde fram same scoringsforma heile sesongen vil han ende på 21 mål. Michael Karlsen i 2011 og Robin Shroot i 2014 er dei som har flest mål i ein sesong for Hødd etter opprykket i 2010. Begge scora då 16 mål.

Hødd har holdt buret reint i fem av ti kampar i serien denne sesongen. I 2014 var det talet tre kampar, seks i 2013, medan ein måtte heilt til kamp ni og ti i 2012 for å finne dei to første seriekampane utan baklengs.

I løpet av dei første ti kampane denne sesongen har Hødd møtt alle dei tre nyopprykka laga, noko som har enda med fem poeng etter siger mot Åsane (4-0) og uavgjort mot både Jerv (0-0 heime) og Levanger (0-0 borte). Samstundes har Hødd berre møtt eitt av laga som spelte Tippeliga i fjor, i 3-0 sigeren mot Brann. Dei to andre nedrykkslaga, serieleiar Sogndal og Sandnes Ulf, kjem i løpet av Hødd sine fire neste kampar i Obos-ligaen.

Hødd sine neste ti seriekampar:

  • Kristiansund BK (H)

  • Ranheim (b)

  • Sandnes Ulf (H)

  • Sogndal (b)

  • Follo (H)

  • Kristiansund (b)

  • Bærum (H)

  • Åsane (b)

  • Jerv (b)

  • Levanger (H)