Medan dei fleste kampane i den tiande runden i Obos-ligaen vart spelt måndag, vart runden avslutta på Moan kunstgress tysdag kveld.

Sandnes Ulf - Sogndal 1-2 *Victor Grodås spelte heile kampen for Sogndal.

Bryne - Hødd 1-4

Fredrikstad - Follo 2-2 *Første kamp for FFK under nyetrenaren Arne Erlandsen.

Kristiansund - Bærum 0-1*Kristoffer Tollås spelte 87 minutt for Bærum. Hødd sine neste motstandarar, KBK, har starta sesongen med fire sigrar, tre uavgjorte og tre tap.

Nest-Sotra - Hønefoss 1-3 *Hønefoss sette ny rekord for tidenes yngste spelar i norsk toppfotball. 14 år gamle Kreshnik Krasniqi fekk nokre minutt på tampen i botnoppgjeret.

Ranheim - Jerv 0-1 *Onsdag vart det klart at Trond Nordsteien ikkje lenger blir trenar i Ranheim etter den dårlege starten på sesongen. Han er tredje trenar ut i Obos-ligaen i løpet av dei ti første rundene i årets sesong.

Åsane - Strømmen 0-3

Levanger - Brann 4-1

Etter ti runder av Obos-ligaen er det Sogndal som toppar tabellen med 23 poeng. Hødd ligg på andreplass med 21, før det er ei luke på fire poeng ned til Bærum på tredjeplass.

Les også: Har starta på skjema til opprykk.

Hønefoss tok årets andre siger i botnoppgjeret mot Nest-Sotra, men ligg framleis på nest siste plass i divisjonen. Fredrikstad, Ranheim og Nest-Sotra står framleis berre med ein siger etter ti runder.

Brann har teke turen ned på nedre halvdel på tabellen etter å ha blitt knust 4-1 av Levanger. Tre sigrar, fem uavgjorte og to tap (mot Hødd og Levanger) får det til å koke i Bergen, og hylekoret etter Rikard Norling blir større for kvar dag. Blir han fjerde trenar som må gå i årets Obos-liga?

Åsane starta sesongen lysande, men har slitt med å gjenskape prestasjonane dei siste vekene. No har laget gått på sitt fjerde tap på rad, og har dårlegast formutvikling av alle laga i Obos-ligaen akkurat no.

Hødd og Sogndal er dei to laga som har best formkurve med fire sigrar og ein uavgjort på sine fem siste kampar. Desse to laga skal møte kvarandre i Sogndal 28. juni.

Runde 11: Sogndal - Fredrikstad, Bryne - Sandnes Ulf, Bærum - Åsane, Hødd - KBK, Hønefoss - Ranheim, Jerv - Levanger, Strømmen - Nest-Sotra, Brann - Follo (1. juni).