I eit intervju med VG fortel Adama Diomande, som er med i landslagssjef Per-Mathias Høgmo sin tropp til privatlandskampen mot Sverige og EM-kvalifiseringskampen mot Aserbajdsjan, om sin tøffe veg til dit han har komt i dag. Vendepunktet i karrieren var i følgje han sjølv då han kom til Hødd og Ulsteinvik.

– Det viktigaste klubbvalet eg har gjort. Største oppturen i fotballivet, fortel 25-åringen til Norges største avis.

Reisa mot dit han er i dag, på landslaget, inneheld mange klubbskifte og ein kontrovers. Kontroversen fann stad då Diomande for fem år sidan resite frå heimbyen Oslo til havgapet, og Hødd.

Får skryt av Lars Arne Nilsen

– Han var på ein måte litt ferdig, seier dåverande Hødd-trenar Lars Arne Nilsen om Diomande til VG.

Nilsen vel å samanlikne historia til Diomande med Sylvester Stallone sin filmkarakter Rocky Balboa. Boksaren som få har trua på, men som bygger seg opp for ein ny sjanse i ringen.

– Han er litt «Rocky» for meg. Ulsteinvik blei boksekjellaren hans. Han kjende ingen der oppe, men var tøff med seg sjølv, han fikk tillit og jobba steinhardt, seier Nilsen til avisa.

Diomande har i følgje VG "boksefysikk", men han hevder ovanfor avisa at han aldri har trent med vekter.

– Det er naturleg. Gode genar, seier han til VG.

Får spele med Nyland igjen

Etter å ha imponert i Hødd-trøya forsvann han til Strømsgodset i 2012. Han blei seld til Dinamo Minsk for tre millionar kroner etter at Godset blei seriemeistrar i 2013.

No er spissen i Stabæk, og har herja for laget i sesongopninga, og imponert landslagstrenar Høgmo såpass mykje at han er utteken på landslaget. Der får han bli gjenforent med mellom anna landslagsmålvakt Ørjan Håskjold Nyland, som han spelte saman med i Hødd.