Kanalen går så langt som å spekulere i om Nilsen er mannen som trener Brann ut sesongen.

– Det er ikkje mange som har lukkast i Bergen. Men eg trur han er tøff og bestemt nok. Lars Arne veit kva han vil, har ein tydeleg filosofi og er flink til å formidle den. Det trur eg kan vere positivt for Brann, seier sportssjef i Hødd, André Nevstad, i eit intervju med Sunnmørsposten.

– Slepp det eg har i henda

Nilsen skal ha ei høg stjerne i Brann, og spesielt hos sportssjef Rune Soltvedt. Kjelder av TV2 hevdar namnet Lars Arne Nilsen har vore hyppig diskutert på Brann-styremøta dei siste dagane.

Nilsen er opphaveleg frå Sotra utanfor Bergen. Han har alltid rekna seg for å vere Brann-supportar. Han har tidlegare sagt at han gjerne kunne tenkt seg Brann-jobben.

– Hvis Brann kontaktar meg nokon gang, slepp eg det eg har i henda og stiller på dagen, sa han til Bergens Tidende tidlegare i år.