I oppslaget på nettsida si viser Bergens Tidende fram bilete av Nilsen i eitt av møteromma på Brann stadion. Kjelder i klubben har fortald avisa at Nilsen er klar for Brann, men at det berre er små detaljar som står att.

Les også: Nilsen sterkt kopla til Brann-jobben

Nilsen skal ha ei høg stjerne i Brann, og spesielt hos sportssjef Rune Soltvedt. Kjelder av TV2 hevdar namnet Lars Arne Nilsen har vore hyppig diskutert på Brann-styremøta dei siste dagane.

Nilsen er opphaveleg frå Sotra utanfor Bergen. Han har alltid rekna seg for å vere Brann-supportar. Han har tidlegare sagt at han gjerne kunne tenkt seg Brann-jobben.

– Hvis Brann kontaktar meg nokon gang, slepp eg det eg har i henda og stiller på dagen, sa han til Bergens Tidende tidlegare i år.