Sjå femte utgåva av Hødd-magasinet, eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten, Frequency Yard og Hødd.

I denne utgåva får du først sjå den fantastiske frisparkscoringa til Hødd sin formspelar nummer ein om dagen, Eirik Ulland Andersen, og sjølvsagt ein liten prat med målgrossisten. Ulland Andersen har no sju seriemål for Hødd så langt i år.

Vi ser så framover mot kampen på Høddvoll søndag, sjølve fylkesoppgjeret i 1. divisjon, mot Kristiansund. Mediasjef Lars Petter Rønnestad gir sine tankar om oppgjeret.

Eirik Ulland Andersen har vore i kanonform i starten av årets sesong. Hødd-juvelen har sju mål på dei første ti serierundene.