Voldingen Ørjan Nyland er klar for den tyske klubben FC Ingolstadt 04. Det skriv Molde FK i ei pressemelding på si eiga heimeside.

– Dette er jo gutedraumen. Å få spele i en av dei største ligaene i verda, er eit mål for mange unge fotballspelarar, seier Nyland til mfk.no

Nyland er allereie i Tyskland og hadde si første trening med sin nye klubb allereie i går.

- Tysk Bundesliga er kjent for å utvikle keeperar - og nokre av dei absolutt beste keeperane i verda spelar i denne ligaen, seier Nyland vidare i pressemeldinga.

- Positivt

Molde-trenar Tor Ole Skullerud ønskte å ha med voldingen vidare, men forstår valet til 24-åringen.– Dette er ei fantastisk mulegheit for Ørjan. Å spele i Bundesliga er eit kvalitetsstempel - og eg håper Ørjan vil bli ein suksess også der. Han har masse talent, er treningsvillig, og har fortsatt utviklingspotensiale. Han er ein leiartype som alle lag vil sette pris på. Også for det norske landslaget er det positivt at vi har ein keeper som spelar i ein av verdas mest krevjande ligaar, seier Skullerud i pressemeldinga.