Ein litt småsjuk Steffen Moltu sit tolmodig på Høddvoll-kunstgraset og ladar opp til eit intervju med lokalavisa etter ei hard treningsøkt.

– Skal vi setje oss opp på tribunen? Eg orkar ikkje å stå, spøkjer han.

Men at gurskingen nærmar seg 200 kampar for Hødds a-lag er derimot ingen spøk.

– Det kjennest ut som at eg byrjar å bli gamal, kanskje det er tydeleg at det stemmer då. Men det har gått utruleg radig. Eg har vore her i 4,5 sesongar, men det kjennest ikkje ut som så lenge altså, seier 28-åringen.

– Kor lenge ser du føre deg å halde på då, Steffen?

– Det får du kanskje spørje kjerringa om, humrar han.

– Nei, så lenge kroppen held seg så er det ikkje noko å stusse i. Eg synest det er artig og vi held på med noko veldig bra her no. Held vi fram utviklinga, og dei meiner at eg held mål enno, så blir eg med. Ein må berre to eitt år om gongen, seier han reflektert.

Stabilitet

Som tidlegare forsvarsspelar sjølv, meiner Hødd-trenar Sindre Eid at det er svært viktig å ha eit forsvar som kjenner kvarandre inn-ut.

– Ein byter gjerne litt på midten og framme i bana, men når det gjeld forsvarsspelet så er det ekstremt viktig med stabilitet. Å vere samspelte er sjølvsagt viktig i alle lagdelar, men kanskje aller viktigast bakover i banen, seier 40-åringen.

I løpet av tida som både assistent- og hovudtrenar har Eid sett framgangen til Moltu, og seier han har vore ein sentral del av forsvarsrekkja dei siste sesongane.

– Steffen har stått for stabilitet, først og fremst. Då i form av at han har spelt så å seie alle kampane dei siste åra, og han har prestert jamt godt for oss heile vegen. Med 200 kampar, så manglar han berre 240 kampar igjen på meg, påpeikar Hødd-trenaren og smiler stolt.

Men Moltu reknar med at den noverande Hødd-trenaren ikkje skal frykte å bli send ned frå «topp fem»-lista – i alle fall ikkje med det første.

– Eg har jo fått 200 kampar på 4,5 år, så viss eg skal halde på i fem år til så kanskje. Det står att å sjå, men det vil eg ikkje spekulere i akkurat no. Sindre skal få ha den enn så lenge og så får vi sjå, seier ein beskjeden Moltu.

«Follolona»

Moltu presiserer at han først må spele éin kamp til før han kan gå med på at han har spelt 200 kampar, men dersom alt går etter planen vil den kome mot Follo på søndag.

– Det er ikkje gitt at eg spelar mot Follo, men det blir ein tøffing, det var det du spurte om, ikkje sant? Ja. Det er eit utruleg teknisk, godt lag. Svigerfaren min hadde sett ein Follo-kamp, og så la han til at han hadde sett ein kamp med Barcelona. Det var visst om lag akkurat det same, ler Moltu, og legg til:

– Dei er flinke å halde i ballen og vi skal nok få køyrt oss litt der. Men vi skal nok ta dei, hentar Moltu seg inn att.