- Dette var viktig. Tre viktige poeng og ei god kjensle står vi igjen med no. Heldigvis snudde det litt mot Sogndal i førre kamp, og vi hadde fått tilbake sjølvtilliten. No kan vi ta ferie med godt samvit, sa kampens beste for Hødd, Ole Amund Sveen til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Hødd tidleg opp i leiinga

Dette var kampen mot eit lag som har fått kallenamnet "Follolona". Spelet går raskt, med få berøringar på ball, og hurtig attvinning. I starten av kampen fekk publikum på Høddvoll sjå prov på "Barcelona"-fotballen, men det var heimelaget som skulle sørgje for jubel.

Ole Amund Sveen spelte ein særs god kamp for Hødd mot Follo, og varta også opp med det første målet i kampen. Og det på vakkert vis, etter berre 13 minutt.

- Eg har hatt litt fokus på det i det siste, at eg berre går rett på mål og prøvar meg fram. Eg scora mange mål på dette viset då eg var yngre, så eg har jobba for å finne tilbake til det. Dette er tredje målet mitt utanfor seksten, og fleire kan det bli, om eg berre jobbar på vidare, seier Sveen.

Sveen fekk ballen rettvendt, storma framover, og frå rundt tjue meter sendte han i veg eit hardt skot. Ballen gjekk i mål som eit prosjektil, rett ved stolperota, og utakbart for keeper. Med det sendte han Hødd i leiinga.

Aasbak med sitt første Hødd-mål

Den første halvtimen hadde Hødd god kontroll, men kom ikkje til store sjansar utanom målet. Likevel auka heimelaget leiinga, litt ut av ingenting, då Christoffer Aasbak scora sitt første mål for dei blå og kvite. Og det med familien som tilskodarar.

Aasbak spelte ein svært god kamp for dei blåkvite, og krona dei heile med å setje inn 2-0 målet etter 37 minutt. Bendik Torset, som også spelte ein god kamp som erstattar for karantenepålagde Fredrik Aursnes, spelte seg opp på høgresida og sendte i veg eit godt innlegg. Ballen blei stussa vidare, og rett i beina på Aasbak. Venstrebacken klinka til, og planta ballen i mål til 2-0.

– Eg har venta på å få score for Hødd, så det var deilig å endeleg få den. I tillegg hadde eg både kjærasten min og far min på tribunen i dag, så det passa veldig bra, sa Aasbak.

– Vi startar bra første halvtimen, men mistar litt aggressivitet utover i kampen. Men vi møter eit godt lag, og er fornøgde med å ta tre poeng. No har vi fullført ein godkjent vårsesong, og held vi fram som dette vil vi verte å rekne med i haust, avslutta Aasbak.

Redusering like før pausen

Det såg ut til at Hødd kunne gå til pause med ei komfortabel leiing, men det var ikkje meir enn ei god kontring frå bortelaget som skulle til for å gi Hødd-spelarane ein liten bismak på veg inn i garderoba.

Hødd-forsvaret kom seg ikkje kjapt nok tilbake, og hurtigtoget Akinbola Akinyemi kunne slå inn til Christian Bwamy som stod nesten heilt åleine og reduserte for Follo etter 44 minutt.

Over i andre omgang heldt begge lag fram med godt spel, men tempoet dala mykje. Etter 50 minutt fekk Bendik Torset sjansen til å for alvor setje spikeren i Follo-kista, men avslutninga til larsnesingen gjekk rett på mål.

Den einaste som såg ut til å kunne truge Hødd og spolere festen var Akinbola Akinyemi, som nok burde scora på ein stor sjanse for bortelaget mot slutten av kampen. Ein Aslak Falch i godt gamalt slag hadde derimot grei kontroll på den dårlege avslutninga til Akinyemi.

Det enda 2-1 på Høddvoll, og tre viktige poeng går rett inn på Hødd-kontoen. Ole Amund Sveen skryt av gjestane, og meiner Follo har svært mange gode spelarar.

- Eg er nøgd med eigen innsats fram til 60 spelte minutt. Etter det kjente eg at eg byrja å gå tom for krefter. Dette er kanskje det beste laget eg har møtt, når det gjeld å halde på ballen. Vi skaper minst like mange gode sjansar som dei, og vinn fortent, seier Sveen.

Elles må det også nemnast at Hødd sin solide midtstoppar Steffen Moltu spelte kamp nummer 200 for Hødd mot Follo, og han har gjennom sine mange gode kampar i Hødd-drakta vist kor viktig han er for dette laget.

Kampfakta

Hødd - Follo 2-1 (2-1)

Høddvoll

Tilskodarar: 1919 (PS! Året Hødd var stifta)

Dommar: Rohit Saggi, Ski og ballklubben Skiold - Fotball

Mål: 1-0 Ole Amund Sveen (13), 2-0 Christoffer Aasbak (37), 2-1 Christian Bwamy (44)

Gule kort: Steffen Moltu (Hødd), Halvor Raddum (Follo)

Hødd (4-3-3): Aslak Falch - Christoffer Aasbak, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Jonas Ingebrigtsen - Ole Amund Sveen, Joakim Wrele, Bendik Torset - Eirik Ulland Andersen (Heltne, 89), Magnus Myklebust, Torbjørn Kallevåg (Magnussen, 69).

Innbytte: Alme, Magnussen, Karlsen, Heltne, Beite, Øvrelid, Rise.