Dei som har vore på Norway Cup tidlegare, veit at turneringa har fronta eit tobakksfritt arrangement. No trappar dei opp innsatsen i eit samarbeid med Helsedirektoratet.

– Vi vaksne må vere bevisste på kva slags rollemodellar vi er overfor born og unge. Å gjere fleire arenaer snus- og røykfrie, kan bidra til å hindre rekruttering og sosialt press om å byrje med tobakk. Det er difor veldig flott at Norway Cup fortsetter å gå foran som eit heilt tobakksfritt arrangement, seier helsedirektør Bjørn Guldvog, i ei pressemelding frå Helsedirektoratet.

Dei viser til ei uformell undersøking gjennomført av Helsedirektoratet, der over 70 prosent av dei spurte meinte at snus og fotball ikkje høyrer saman.

– Fotballspelarar treng gode førebilete på Norway Cup. Vi håpar difor at både eldre utøvarar, trenarar, lagleiarar og tilskodarar tek dette ansvaret under årets turnering, seier generalsekretær for Norway Cup, Frode Kyvåg.