– Eg gler meg over at den siste turneringa eg leier, set nye rekordar og at det er den største nokon gong. Eg håpar dette blir den aller beste som har vore, seier Frode Kyvåg, til NTB fredag.

I 2015 er til saman 1.639 lag påmelde til cupen som går av stabelen i det 43. året.

I 39 av dei har Frode Kyvåg leidd fotballturneringa, som blir rekna som den største i verda med totalt 32.000 deltakarar i år.

Ønskjer ikkje avskilsarrangement

Heilt sidan den forsiktige starten til Norway Cup i 1972 har Kyvåg vore med i turneringa. I 1975 blei han tilsett som generalsekretær. Og sidan har han vore sjefen over alle sjefar på Ekebergsletta.

– Eg har ikkje tenkt så langt som at eg skal slutta. Det blir vel tungt den siste dagen, men førebels gler eg meg til turneringa, forklarer den avtroppande generalsekretæren.

Kyvåg seier til NTB at han ikkje ønskjer eit høgtidleg avskils-arrangement.

Les også: Klart for Norway Cup

Norske artistar

Turneringa i år går av stabelen med opningsparaden laurdag 25. juli klokka 17. Paraden går frå Ekeberg Camping til Ekebergsletta, som er staden der opningsarrangementet til Norway Cup startar klokka 18.

Arrangementet i år har konsertar med ei rekkje norske artistar som mellom andre Donkeyboy, Tone Damli Aaberge og Alejandro Fuentes.

Dei første kampane startar søndag 26. juli klokka 9.00.

Totalt 52 nasjonar er med på Fotballturneringa, som går føre seg på Ekebergsletta i Oslo. Norway Cup blir arrangert kvart år i veke 31.