Sundag startar Hødd haustsesongen med bortekamp mot fylkesnabo Kristiansund. Laurdag gjennomførte laget siste trening før avreise med buss mot Nordmøre.

Har de roa før møtet med Kristiansund?

– Ja, har vi ikkje det Ole? spør Hødd-trenar Sindre Eid og får bekreftande svar frå Ole Amund Sveen.

– Vi kunne ikkje vore betre budde, slår midtbanespelaren fast.

Sjølv meiner Eid at Hødd har fått brukt den siste tida til å trene godt og til å gjere seg skikkeleg klare til ein haustsesong der Hødd ligg på ein 3.-plass etter 15 spelte kampar.

– Vi har hatt ei veldig god periode etter ferien. Gutane har vore eksemplariske og vi har gjort det vi skal, seier Eid før han legg til: Men det er ingen garanti for at vi får med oss noko mot KBK.

Eid fortel at Hødd har ei svært ambisiøs spelargruppe og trenaren fortel at ei viktig oppgåve for trenarane blir å sørgje for at ikkje spelarane trenar for mykje eller for hardt.

– Vi må ta dei litt ned, dei vil så mykje. Det er sjølvsagt ein god eigenskap, men vi må passe på så det ikkje blir for mykje. Når det er sagt så er dette betre enn om det gjekk andre vegen.

Må plukke poeng

Haustsesongen byrjar med bortekamp for Hødd, og det blir meir av det same etter kampen mot Kristiansund. Faktisk skal Hødd spele fire av dei seks første haustkampane på bortebane.

– Det må vi handtere skikkeleg, no handlar det om å plukke poeng jamt og trutt for å henge med i toppen. Dei laga som klarar det vil vere med der oppe. Vi er gode nok til det og eg håpar vi får det ut også i kampane, seier trenaren.

Det har ikkje kome inn nokon nye spelarar i Hødd-troppen før kampen mot Kristiansund, men Eid kan gle seg over at dei fleste spelarane er tilgjengelege. Fredrik Aursnes har vore til spesialist etter ein smell i hælen, men har trent normalt den siste tida og er med i troppen mot Kristiansund. Det er ikkje Ruben-Kenneth Brandal som for tida får behandling for ryggen.

Eid har med seg 17 spelarar oppover til Kristiansund.

– Skadesituasjonen er veldig bra akkurat no og det fører til at vi får auka konkurranse om plassane på laget. Det er bra og spesielt offensivt har vi spelarar som kan kome inn med andre kvalitetar og som kan endre kampbiletet.Hødd-trenaren meiner det er mykje som tydar på at det kan verte ein tett kamp i Kristiansund.

– Det er eit lokaloppgjer og laga kjenner kvarandre godt, men eg har såpass tru på eige mannskap at om vi spelar som vi kan så er sjansen stor for at vi reiser frå Kristiansund med noko.

Kampstart i kampen mellom Kristiansund og Hødd er 15:00. Vi følgjer kampen direkte her på Vikebladet.no.