Neste helg er det klart for senior-NM i friidrett i Haugesund med fleire lokale deltakarar. Ei av dei som gjer seg klar til NM er Dimna-utøvaren Renate Grimstad.

Ho har fått sesongen prega av skadetrøbbel, men har mellom anna vore tilbake i aksjon under Hadarleikane på Hareid.

Les også: Optimistisk trass skadar

Sist veke var Grimstad i Karlstad der ho deltok på 100 meter hekk under Folksam Grand Prix. Der sprang Dimna-jenta inn til 14,06, som heldt til ein fjerdeplass.

Årsbeste for Grimstad i år er 13,99.

Sundag deltek ho under Wind-Sprint i Sundsvall i Sverige. Vêret på konkurransedagen har ikkje vore det beste med ein del nedbør, som nok prega utøvarane.

Grimstad sprang inn til ein femteplass i konkurransen på tida 14,28. Det er eit stykke bak hennar personlege rekord. Samstundes er det først til neste helg ho må prikke inn storforma.