For det var akkurat dette som var i fokus i kampen mellom Hasundgot og Keflavik i jenter 13 år søndag ettermiddag. Det er heller ikkje kvar gong ein er så heldig å møte ein såpass anerkjent klubb som islandske Keflavik.

– Veldig kjekt å prøve seg på internasjonal motstand og det er noko jentene likte, seier trenar Vidar Gjerde til Vikebladet etter kampslutt.

Bra lagmoral

Sjølv om laget frå Sagaøya tok leiinga 1–0 viste Hasundgot moral og kom tilbake. Utlikninga kom ved Johanne Skeide Rooney etter flott spel. Vidare sende Henriette Gjerde dei kvitkledde i leiinga på eit susande skot, før Andrea Sætre fastsette sluttresultatet til 3–1 midtvegs i andre omgang.

– Det var i utgangspunktet ein jamn kamp. Bana var smal som gjorde det vanskeleg å få til vårt spel, men jentene la ned ein kjempeinnsats som vi er godt fornøgd med! Dei viste god lagmoral etter fyrste målet, så dette lovar bra for kampane seinare i turneringa, seier ein fornøgd trenar.

På sidelinja var Hasundgot bra representert med publikum, og dei gjorde sitt for at jentene var på tå hev gjennom kampen.

Etter dusj og skift skal resten av dagen brukast til sosial hygge. Dette inneber kiking på alle dei flotte gutane som er å finne på Ekebergsletta. I alle fall om vi skal tru trenar Gjerde.

Sjå stor bileteserie i toppen av saka. Du kan trykke på tala eller bruke piltastane for å navigere i bileteserien. Dersom du ikkje får bla til neste bilete, prøv å oppdatere artikkelen. Det kan også ta litt tid å laste artikkelen grunna mange bilete. På høgresida av artikkelen kan du også sjå videointervju og sigersdans etter kampen mellom Hasundgot og Keflavik (i botnen av saka på mobil).

Hugs at du kan sende inn bilete, tips og historier frå Norway Cup. Send inn til sport@vikebladet.no eller sms/mms til 482 25 319.