Det var lite å rope "hurra" etter for Hødds del før pause, men eit kvarter før full tid fekk Sindre Eid og co noko å glede seg over.

Innbytar Torbjørn Kallevåg vart felt i 16-meteren og dommar Bjørn Hansen peika på straffemerket. Toppscorar Eirik Ulland Andersen gjekk fram og sette ballen nede i det venstre hjørnet - sjølv om keeper Conny Månsson var på ballen.

Men det var berre ein mager trøst for rogalendingen.

- Ja, det har ingenting å seie når vi taper, seier 22-åringen.

Treig start

Hødds einaste målscorar mot Kristiansund BK meiner Hødd fekk ein treig start på kampen.

- Det kan me ikkje ha. Vi har ikkje råd til å ha dårlege periodar der vi ikkje er på. Vi slepp også inn nokre heilt unødvendige mål - og då taper ein poeng i denne divisjonen, seier Ulland medan han festar blikket ut vindauget på presseromet.

Kantspelaren synest derimot at Hødd fekk ein liten opptur etter pausen, sjølv om det ikkje var tidleg nok.

- Eg synest det er bra at vi heva oss i andre omgang, men dessverre var det altfor seint. Hadde vi gjort det frå start så trur eg at vi hadde vunne denne kampen med ein del mål, meiner den tidlegare Vard-spelaren.

- Bittert

- Det er vel ikkje "tillate" å sleppe inn slike mål som i dag?

- Mål på corner er sånn som kan skje, men det som skjer før den andre scoringa er ting må vi luke vekk, påpeikar Ulland.

- Men å ha fått di niande scoring for sesongen er vel kjekt?

- Akkurat no er eg mest bitter for at eg ikkje sette nummer to på slutten, men det er okay å score litt mål, seier Hødd-vingen, og viser til ein kjempesjanse på overtid til å utlikne.