I fjor vart det eit fyrverkeri av ein kamp då Hødd og Kristiansund møttest til dyst på Nordmøre. Det vart det ingenting av i 2015.

- Vi sleppte inn to utilgivelege mål, og gjer ein det på dette nivået her så taper ein fotballkampar. Det er veldig skuffande, summerer Hødd-trenar Sindre Eid opp 2-1-tapet mot fylkesrivalen frå Kristiansund.

- Totalt sett er vi betre enn Kristiansund spelemessig. Det er i alle fall 10-4 i sjansar, så det er eit unødvendig tap, held Eid fram.

Vanskeleg

Sjølv om det var Hødd som såg ut til å vere mest på hugget dei første par minutta, tok det ikkje meir enn ti minutt før Dan Peter Ulvestad teikna seg på scoringslista for heimelaget etter eit hjørnespark.

Hødd gjorde utgangspunktet for den andre omgangen svært vanskeleg for seg sjølv då Tor Erik Torske auka til 2-0 for KBK inne i overtida av den første omgangen.

- Det gjorde at det vart utruleg vanskeleg å vinne kampen. Skal vi vere med i toppen så kan ikkje vi sleppe inn slike mål - så enkelt er det. Då blir vi hardt straffa og det må vi berre rette på, på ein eller annan måte, er Eids synspunkt på 2-0-scoringa.

- Ikkje dyktige nok

Eid må ha sagt noko klokt i pausepraten, for etter pausen løfta gjestene seg - og verka langt betre enn dei første 45 minutta.

Det er dessverre ikkje noko hjelp i når ein ikkje omset sjansane sine i mål.

- Vi er ikkje dyktige nok når vi slepp inn to slike mål, og så er ikkje vi dyktige nok til å setje ballen i mål heller, kommenterer Hødd-trenaren, som ikkje trur det er sommarferien som framleis heng i.

- Forma er bra - ein ser at vi spring enormt mykje og er godt trent. Så eg er ikkje bekymra for at forma til gutane ikkje er bra, avviser 40-åringen.

Ekstremt skuffa

Tapet betyr at KBK kryp inn på Hødd, og ligg etter 16 spelte serierundar på plassen bak med eitt poeng mindre. Når sesongen skal teljast opp på slutten av sesongen kan ein siger i desse kampane vere det som blir utslagsgivande.

- Det vil tida vise. Tre poeng kan vere skilnaden på opprykk, kvalik eller ikkje noko av delane. Men okay, kampen er no historie og vi er ekstremt skuffa - først og fremst av resultatet, ikkje så mykje av prestasjonen, seier Hødd-trenaren.