Etter overgangen frå Vard Haugesund har Torbjørn Kallevåg vore involvert i alle Hødds kampar denne sesongen. I serien har det blitt fem startar, i tillegg til elleve innhopp frå benken. Han har også fire cupkampar i beina, der to av dei var frå start.

Det siste av innhoppa til 22-åringen kom i søndagens seriekamp mot fylkesrival Kristiansund BK.

- For min eigen del så var det bra, men det er keisamt at vi ikkje fekk med oss i alle fall eitt poeng når vi var såpass mykje betre enn dei i andre omgang, seier Kallevåg, som fekk ein halv omgang i Kristiansund.

På tide å starte?

Kallevåg sette fort preg på kampen, og sørgja for at Hødd fekk eit straffespark etter dryge ti minutt på banen.

- Er det snart på tide at du spelar frå start, Torbjørn?

- Det kan det fort vere. Det spørs heilt på kva kampplan trenarane legg. Eg prøver alltid å bidra så godt eg kan anten eg startar på benken eller ikkje. Av og til er eg kanskje best når eg kjem innpå og av og til er eg kanskje best når eg startar, meiner Kallevåg.

Hødd-trenar Sindre Eid er ikkje altfor avslørande på spørsmål om Kallevåg bør få fleire sjansar frå start, men er klar på at spelaren har gjort sakene sine bra etter ein halv sesong i klubben.

- Torbjørn er ein veldig god fotballspelar som har levert veldig godt for oss. Han hadde også eit godt innhopp mot KBK, og det var kjekt å sjå. No får vi ta treningsveka og så får vi sjå, seier Eid.

- Same for meg

Så langt har Kallevåg spelt så å seie i alle posisjonar, i midtbaneleddet og i angrep, men kvar er eigentleg hans naturlege posisjon på banen?

- Det er eg veldig usikker på sjølv eigentleg, eg veit ikkje. Faktisk så har eg nettopp snakka om akkurat det med trenarane, og det er litt slik at det kjem an på kva kampbilete dei ønskjer, seier han, og legg til:

- Kanskje kan eg vere ein betre bakromstype enn Mikke og Joa. Men eg trivest veldig godt i indreløparrolla også, og på kanten og som spiss. Det er same for meg eigentleg.

- Passar kampbiletet der Hødd må fram og jage deg best?

- Det er då eg er på mitt beste, når eg får bidra offensivt.