I kampenmellom Hødd og Grüner måndag ettermidag var det aldri nokon tvil omkven som skulle stikke av med sigeren. Dei blå og kvite fråUlsteinvik var det førande laget gjennom heile kampen og ga segikkje før det stod 5-0 i målprotokollen.

Vikebladet Vestposten møtte ein svært nøgd Hødd-trenar,Hallstein Saunes, etter kampslutt:

– Seks mål og null baklengs på to kampar skal vi seieoss fornøgde med. I dag er vi effektive framfor motstandaren sitt mål,medan vore keeperar gjer at vi held nullen og dermed har «smultring» på dei to kampane våre. Det er kjekt, smilte Saunes.

I følgje Hødd-trenaren ergutane særs nøgd med tilværet på skulen dei bur på denne veka. Ein har god tid til åslappe av, samstundes som ein bur nærme både Ekeberg og Abildsø der einkan sjå god fotball når ein sjølv måtte ønskje det.

– Vi har heldtoss roleg på skulen dei første dagane for å kvile og samle energitil kampane i gruppespelet. I morgon blir det middag i byen forspelarar, støtteapparat og foreldre, fortel Saunes.

– Sjølvsagt tid til damer

Richard Hasund stod for to av måla i dagens kamp mot Gründer. Han kunne informere overfor lokalavisaat gjengen likar seg veldig godt på «Sletta».

– Det er veldig kjekt på Norway Cup,og vi gler oss til kvar dag! Når vi spelar som i dag så får viekstra energi og eg trur alle ser fram til morgondagens kampallereie, stafestar Hasund.

På spørsmål om kva som skjer på fritida, svarerstorskåraren følgjande:

– Først og fremst brukar vi tida til åslappe av. I tillegg er jo det viktig å støtte dei lokale laga, sånår tida strekkjer til ønskjer flest mogleg å få med seg det også.

– Kva med alle damene?

– He-he. Det blir sjølvsagt tid til det imellom slaga. Ekebergsletta byr på mange flotte damer.

I morgonspelar Hødd siste kamp i gruppespelet mot Drøbak/Frogn. Dei stårogså med to sigrar på to kampar, og dermed ei rein gruppefinale.