Det har teke 40 dagar, men etter 500 mil på sykkelsetet har Martin Notøy Nevstad og Christoffer Remøy Endresen endeleg kome tilbake til startpunktet på noregsturen sin.

- Det var herleg, seier ein lattermild Nevstad på telefon frå Oslo.

- Det var litt rart, men også godt. Eg merka at det har gått litt treigt dei siste dagane. Det har vore lange dagar, sier 22-åringen, som synest det var fint å få sykle langt kjende strøk langs sørkysten.

Godt motteken

Nevstad kan orientere om ei veldig god mottaking når dei returnerte til Oslo tysdags ettermiddag

- Ungar som både har og har hatt kreft, foreldre som har barn med kreft møtte fram. Så vi vart tekne imot av veldig mange, stadfestar syklisten.

Ulsteinvikaren legg vekt på at det ikkje kjendest heilt det same ut som å sykle over ein målstrek i samband med eit sykkelritt, men at det likevel var ei god kjensle.

- No er det ingen som kan ta ifrå oss denne turen. Det var fantastisk herleg å kome i mål, så det kjendest ut som ein hadde vunne likevel. Eg fekk gåsehud når eg endeleg kom i mål, skildrar Ulsteinvik-guten.

Stolte

Stemningane blant personane bak «Prosjekt Superhelt» er klare på at prosjektet har gått veldig bra, og synest det var ei viktig sak å stå opp for.

- Vi har fått til ting som vi ikkje hadde trudd vi skulle klare å få til. I løpet av desse 40 dagane har vi klart å anerkjenne barn som har, og har hatt kreft, om superheltar. Det visste det ville bli ei utfordring, men det har vi gjort ein kjempeinnsats for og det har vore viktig for oss, seier Nevstad.

- Det vi har gjort har løfte Barnekreftforeininga eit lite hakk, og gitt dei ekstra merksemd. Det er eg, Christoffer og Simon (Solbakken) veldig stolte av å ha kunne klart til å bidra til.

Sjølv om syklinga no er ferdig, kjem dei ivrige karane til å setje inn eit ekstra rykk på telefonaktiviteten - slik at dei kjem endå nærare målet om å samle inn éin million kroner.