Sidan søndag har mange lovande idrettstalent vore i Georgia for å konkurrere i ungdoms-OL. Blant desse var Ingvild Meinseth.

Meinseth, som er dotter til Frank Otto og Sølvi Meinseth og barneborn til Turid (f. Pilskog) og Tor Meinseth, imponerte stort på 100m i Georgia.

I semifinalen sprang ho inn på tida 11,74, som vart ny aldersrekord - og nest raskast i Noreg i år, bak Ezinne Okparaebo. Men i finalen vart det endå meir å juble over, ettersom 16-åringen sprang inn på tredje raskast tid og fekk med seg ein bronsemedalje frå Europeiske Ungdom-OL.

Ingvild er også søster til Even Meinseth, som fekk bronse i junior-EM.