I haustvêret på Valle Hovin møttest Haddal og Nordby Turbojenter til dyst i 1/16-finalen i B-sluttspelet onsdag føremiddag.

Nordby, som også går under namnet Turbojenter, var utvilsamt raskast ut av startblokkene og dominerte store delar av den fyrste omgangen.

Etter omlag 10 minutt fekk dei også utteljing på ein av sine mange sjansar, då eit godt plassert skot sneik seg inn bak Haddals keeper. Etter scoringa kom Haddal meir med, og det var ikkje ufortent når Eilin Berstad stanga inn utlikninga på eit hjørnespark like før sidebytte.

Eventyret over

Etter pausen var det igjen Norby som gjekk ut i høgast tempo. Etter 10 minutt av andre omgang stod det 1-3 til Turbojentene, og eit comeback såg ut som ei vanskeleg oppgåve.

Like før slutt kom to mål på rappen - som gjorde at sluttresultatet blei 1-5.

Supportar, trenar og alt-mulig-mann, Einar Nevstad, opplyser om at ein del av jentene reiser heim til Sunnmøre med nattbussen i kveld, medan andre blir igjen i Oslo for vidare ferie saman med familien.