Spenninga var til å ta og føle på då Hareid møtte Ørskog/Stordal til sunnmørsderby på Furuset i G16-klassa onsdag føremiddag.

Det vart ikkje mindre spanande når ein tok baneforholda i betraktning: gjørme, vatn og ei slitt grasmatte. Det var ikkje berre-berre å kontrollere ballen på det ujamne underlaget, men mykje innsats og vilje var det hos begge lag.

Dårleg start

Det opna dårleg sett med raude og blå auge, og det tok ikkje lange tida før det stod 0-1 på resultattavla. Store avstandar i Hareid-forsvaret gav ein Ørskog/Stordal-angripar fri veg mot mål, og scora sikkert.

Sjå videointervju i høgremargen!

Etter målet var det mykje «stillingskrig», og det var ikkje mykje å skrive heim om frå Furuset. Men nokre minutt før pause spratt ballen i Hareid sin favør, og Nathaniel Brekke sette ballen trygt forbi ein utrusande keeper. 1-1 til pause.

Enkeltmannsprestasjonar

Utlikninga verka som ei vitamininnsprøyting på Hareid-spelarane, og det var raudtrøyene som viste at dei ville mest i den andre omgangen.

Ørskog/Stordal sleit med å skape dei heilt store sjansane, medan Hareid fort kunne ha scora 3-4 mål.

Men måla kom.

Først sette William Valde Bigset inn 2-1 etter ein flott enkeltmannsprestasjon. Nokre minutt seinare drog Isak Kristoffersen seg inn frå venstrekanten på glitrande vis og avslutta hardt i nærmaste hjørne til 3-1.

Ørskog/Stordal forsøkte å kjempe seg inn igjen i kampen, men Hareid-forsvaret rydda opp gong etter gong, og dermed enda det med siger og avansement til 1/16-finale.

Mål om kvartfinale

Hareid-trenar, Benjamin Slettebakk, var glad i møtet med Vikebladet etter kampslutt. Han trur målet om kvartfinale absolutt er mogleg å oppnå.

- Vi går «all in» og ser kor langt vi går. Målet er kvartfinale, og så får vi eventuelt ta det der ifrå, seier ein offensiv Slettebakk.

- Er det fortsatt håp om å ta heim «bøtta»?

- Håp er det, men vegen er lang - så vi får sjå korleis det går, avsluttar han med eit glimt i auget.

PS! Hareid spelar 1/16 finale mot Øystese på Ekeberg kl. 19.20.