Før kampen:

Hødd fekk ei tung oppleving då dei møtte Bærum i vår. Då vart det fire baklengsmål og null poeng på bortebane.

- Det var ein heilsvart kamp der nede, og det var kanskje den dårlegaste kampen vår i år. Det var ein skuffande dag. Det var jamnare enn resultatet seier, men det står der likevel på tavla og det ser ikkje veldig fint ut, seier trenar Sindre Eid.

Venstreback Christoffer Aasbak deler Eids synspunkt på at Hødd ikkje kan gjere seg kjende av tapet i Bærum, og manar troppen til kamp før søndagens kamp.

- Vi er ekstremt revansjelystne etter tapet i Bærum, så vi skal knuse dei her heime på Høddvoll, varslar trønderen.

Revansjelystne

Hødd-trenaren meiner også at gjengen har ein del ting å rette opp frå førre vekes 2-1-tap mot Kristiansund BK.

- Vi følte at det var ein bortkasta sjanse til å ta tre poeng. Sjølv om vi ikkje presterte på topp, så fortente vi å få med oss poeng. Vi har sett, og prata om, ein del ting som ikkje var bra nok i den kampen og det må vi berre ta tak i, utdjupdar han.

No er det derimot heimekamp, og då er det Hødd som skal vere sjefar på banen.

- Vi møter eit lag som har svinga ein del i prestasjonar, på lik linje med oss, men som har ein del gode enkeltspelarar som vi definitivtv må vere observante på.

- Men på heimebane skal vi bestemme og vi skal vi vinne kampane i serien der. Vi må ønske, ville og tore å vinne i 90 minutt, konkretiserer Eid.

Kampstart på Høddvoll er klokka 18.00. Følg kampen direkte her: