Fredag startar noregsmeisterskapen i friidrett. Årets tevling blir arrangert i Haugesund. Frå Dimna IL skal tre utøvarar delta i årets NM. Av dei som skal i elden mest er sølvvinnaren frå junior-EM Karsten Warholm.

– Han skal delta i det aller meste. Fredag blir det 400m og 110m hekk, medan han skal delta i lengde og 400m hekk på laurdag. På søndag er han meld opp til 200m, men den droppar han, seier trenar Arve Hatløy. Spenningsmomentet blir om den nye øvinga 400m hekk vil gå bra.

– Vi har vore litt spent på steglengda, men på trening har det sett veldig greitt ut. Elles så ser han sprek ut, så han har fått trena bra denne veka, opplyser Hatløy.

Medaljekandidatar

Elles frå Dimna IL skal dei to jentene Renate Grimstad og Fride Møller Flatin også i aksjon i Haugesund. Grimstad er meld opp til både 100m og den same distansen med hekk.

– På 100m så er vel ambisjonen om å nå kvart- eller semifinalen. På 100m hekk så er ho ein av dei beste i landet, så der kan det bli ein medalje, meiner Dimna-trenaren.

Hatløy trur at medalje på Flatin, som skal gå 3000m kappgang, også er mogleg.

– Normalt sett så vil ho liggje rundt ein 5.-plass, men der er to utøvarar som er svært gode og så er det jamt under der. Så det kan bli at det endar med ein 3–5. plass, trur Hatløy.

Håper på finale

Frå Hareid IL skal Ådne Andersen vere med på helgas NM. I utgangspunktet er Andersen meld opp til 800m og 3000m hinder, men han er ikkje sikker på om han gjennomfører begge øvingane.

– Om eg kjem til å springe begge distansane bestemmer eg meg nok ikkje før etter eg har sprunge 800m. Eg har slite litt med sjukdom i det siste, så eg kjem til å ta det etter dagsforma. Men det blir uansett 800m, seier Andersen til Vikebladet Vestposten.

Då lokalavisa snakka med Andersen tidlegare i juli hadde han ambisjonar om å hevde seg så mykje som mogleg under meisterskapen.

– Nivået på 800m i Noreg har blitt skyhøgt. Kjem eg til finalen så er eg fornøgd med det, sa han den gongen.