Denne sesongen har ikkje gått heilt som planalgt for Hødds Ruben-Kenneth Brandal. Sidan den 25. serierunden i fjor har hareidsdølen vore på banen berre tre gonger, alle som innbytar. Dette tre innhoppa har resultert i totalt 30 speleminutt.

Mykje av dette skuldast at venstrebacken har slitt med skadar, men no meiner 24-åringen at det går den rette vegen.

- Det går mykje betre, det gjer det. Eg går til behandling med ein kar i Ålesund som kikar på ryggen min, opplyser han til Vikebladet Vestposten.

Opp og ned

Den tidlegare Hareid-spelaren legg derimot ikkje skjul på at det har gått litt i bølgjedalar den siste tida.

- Det har vore litt framgong no og så må eg berre følgje med litt sjølv og justere belastninga. Så får vi ta det derfrå. Det har vore litt opp og med med litt tilbakefall, men eg satsar på at det går framover, seier ein optimistisk Brandal.

- Når ser du føre deg å vere 100 prosent igjen?

- Det er vanskeleg å seie. Eg er med på så mykje som mogleg, og så får vi ta ting derfrå. Men kva tidspunkt eg er tilbake for full det tør eg ikkje å svare på.

- Blir det i år?

- He-he, ja vi får jo håpe på det!