Det var eigentleg aldri nokon tvil om kven som skulle stikke av med sigeren i kvartfinalekampen mellom Hareid og Tornado Måløy.

I den fyrste omgangen skapte laget frå Sogn og Fjordane knappast nok ein einaste målsjanse, medan Hareid rulla opp det eine angrepet etter det andre.

Brandal dominerande

Det fyrste målet kom etter dryge ti minutts spel, etter eit angrep der August Brandal gjorde eit strålende forarbeid. Den store og raske angrepsspelaren serverte Kim André Alvestad, som sette ballen sikkert i mål.

Nokre minutt seinare var Brandal sentral endå ein gong.

Eit rykk og ei kontant avslutning sende raudtrøyene opp i ei komfortabel 2-0 -eiing til pause.

- Går for gull!

I andre omgang handla det meste om å spare krefter. Hareid sette på cruisekontrollen, men TMFK var likevel sjanselause. Det einaste målet etter kvilen kom ved kampens beste spelar, August Brandal.

- No går vi for gull, sa målskåraren til lagkameratane sine på sidelinja då sigeren verka sikra.

Stig Engen, som er trenar for laget, var fornøgd med avansementet, sjølv om han meinte laget hadde ein del å gå på.

- Vi gjer ein måteleg kamp. Når kampbiletet blir som det blir, gjer vi ikkje meir enn absolutt nødvendig for å spare krefter, forklarer han.

Internasjonal mostand

I semifinalen i a-sluttspelet fredags morgon møter Hareid det palestinske laget UNRWA Football Team.

- Ser de fram til møtet med internasjonal motstand?

- Det blir sjølvsagt veldig spennande. Å måle krefter med lag utanfor landegrensene er spennande, men vi må vere mentalt budd på tjuvtriks og "anna", informerer Engen før han blunkar med auget.